Hopp til innhold

– Me greier ikkje setje to strekar under svaret

OSLO (NRK): Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skjønar at folk er skuffa over manglande avklaring på kva som blir hovudveg nummer to mellom aust og vest.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

UTSET VEGVAL: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen avviser at det er press frå Høgre som gjer at valet blir utsett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I dag vart det klart at regjeringa går for E134 over Haukelifjell som hovudveg mellom Aust- og Vestlandet, medan Hardangervidda og Hemsedal må kjempe vidare om å bli den andre hovudvegen.

– Riksveg 52 er ønska av lastebilnæringa, medan turistnæringa ser store fordelar av riksveg 7. Det er litt for utydeleg for oss kva som vil gje den største samfunnsnytten. Difor ber me Vegvesenet gå i litt meir i detaljar, seier Ketil Solvik-Olsen til NRK.no.

Ber Vegvesenet om ei ny vurdering

Han seier det er semje om å utbetre strekninga frå Bergen til Voss, det same med strekninga frå Sandvika til Gol.

Ketil Solvik-Olsen

VIL KORTE REISETIDA: På ein pressekonferanse i dag presenterte samferdsleministeren regjeringa sin plan for å korte reisetida mellom aust og vest. Men den venta avklaringa om vegvalet i nord kom aldri.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Men når det gjeld strekninga mellom Gol og Voss, så har me ikkje greidd å landa på eit val mellom riksveg 52 og riksveg 7. Det er fordi utgreiinga Vegvesenet har gjort, er litt for grov til at me greier å setje to strekar under svaret. No ber me dei gå litt meir i detaljar, seier Solvik-Olsen.

Han understrekar at når valet til slutt blir teke, vil ikkje det bety stenging av den vegen som kjem til kort.

– Den vil berre ha eit anna formål, men vil framleis få merksemd når det gjeld vedlikehald, trafikktryggleik og rassikring, seier samferdsleministeren.

Avviser press frå Høgre

Vegvesenet har tidlegare anbefalt riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, det er òg ønsket til lastebilnæringa, næringsliv og politikarar i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Solvik-Olsen avviser at det press frå regjeringskollegaer i Høgre, med statsminister Erna Solberg i spissen, som gjer at valet no blir skubba fram i tid.

– Det vil bli både glede og vonbrot frå begge leirar når det no ikkje blir teke ei endeleg avgjerd. Men for meg er det viktig at når me tar desse vala, så skal me ha vegar me kan vere stolte av om eit par generasjonar, seier Solvik-Olsen.

Han seier at ei utsetjing av valet mellom dei to, ikkje betyr at bygginga òg vil bli forseinka.

– Avgjerda blir teke i Nasjonal transportplan, dermed vil det kunne komme inn i planen frå 2018.