Fylkesordføraren i Hordaland snakkar Bergen midt imot i aust-vest-striden

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland støttar Sogn og Fjordane i vegkampen og vil ha Hemsedalsfjellet som hovudtrasé mellom Aust- og Vestlandet.

Anne Gine Hestetun

HELLER HEMSEDALSFJELLET ENN HARDANGERVIDDA: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland meiner omsynet til heile Vestlandet er viktigare enn Bergens-interessene.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ein Vestlands-region kan vera lite tent med aust-vest-hovudvegar over Hardangervidda og Haukeli. Det vil ikkje tena nordregionen, som Sogn og Fjordane er ein del av. Den beste løysinga er difor Hemsedalsfjellet og Haukeli, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland.

Hestetun snakkar med det sin eigen fylkeshovudstad midt imot. I Bergen kjempar både næringslivet og politikarar for å at den nordlege hovudtraséen mellom Aust- og Vestlandet skal gå over Hardangervidda, og ikkje Hemsedalsfjellet.

«Veldig flott»

Fylkesordføraren er innforstått med at hennar personlege aust-vest-standpunkt vil vekkja reaksjonar.

– Det er krevjande. Eg veit at mange ønskjer Hardangervidda, men eg må tenkja på kva som er best for Vestlandet som region. Og det er interessant å sjå at mange privatpersonar i Bergen ønskjer Hardangervidda medan NHO og næringslivet vil ha Hemsedalsfjellet, seier Hestetun.

– Eg tykkjer det er veldig flott at fylkesordføraren i Hordaland støttar Hemsedalsfjellet, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Jarle Aarvoll, Oddmund Klakegg, Jenny Følling

POLITISKE ALLIANSAR AVGJERANDE: Ordførarane Jarle Aarvoll (Sogndal, t.h.) og Oddmund Klakegg (Jølster) legg saman med fylkesordførar Jenny Følling (Sp) planen for korleis Hemsedalsfjellet skal vinna aust-vest-vegkampen mot den innflytelsesrike stortingsbenken frå Hordaland, der fleire i regjeringspartia ivrar for Hardangervidda.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No er det viktig å byggja alliansar. Me kan ikkje gløyma den nordlege delen av Vestlandet. Hemsedalsfjellet er løysinga for heile landsdelen, både i lengd, stigning og der det er desidert mest tungtrafikk. At Hordalands-fylkesordføraren er så tydeleg på Hemsedalsfjellet, gir håp om at me kan vinna fram i denne kampen, seier Følling.

Vegbatalje i vente

Ein månad har gått sidan samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) peika ut europaveg 134 over Haukeli som den sørlege aust-vest-traseen.

Avgjerda om kva som skal bli den nordlege – riksveg 52 over Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda – skubba ministeren derimot framføre seg.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

UTSETTE VEGVAL: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avviste før jul at det er press frå Høgre som gjer at valet av nordleg aust-vest-hovudveg blir utsett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Utsetjinga betyr at ein skikkeleg vegpolitisk batalje er under oppsigling. I striden har Sogn og Fjordane fått open støtte frå ei handfull kommunar i Hardanger og Sunnhordland.

Dei har felles interesse i å forhindra at Hardangervidda blir vald. Det er fordi sjansane til den såkalla Hordalands-diagonalen – altså vegen som skal kopla seg på Haukeli-vegen ved Odda i sør og går nordvestover til Bergen – då vil bli svekka, sa ordførar Jostein Ljones (Sp) i Kvam i førre veke.

Velvilje frå sørfylke

Aust-vest-striden grip òg inn i fylkesordførar Hestetun sin ambisjon om å byggja ein Vestlands-region.

Jenny Følling og Anne Gine Hestetun

GOD VESTLANDSKJEMI: Fylkesordførarane Jenny Følling (Sogn og Fjordane) og Anne Gine Hestetun (Hordaland, opphavleg frå Årdal)

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

At ho støttar Hemsedalsfjellet som aust-vest-veg, er noko av forklaring på at kollegaen i nordfylket – Følling – har vore velvillig til å ta praten med nabofylka om ein ny storregion på Vestlandet.

For dei fire vestlandsfylka vil Hemsedalsfjellet i nord og Haukeli med ein Hordalands-diagonal i sør det beste, meiner Hestetun:

– Du kan ikkje den eine dagen seia at du vil byggja ein Vestlands-region, og den neste ikkje ta i bruk dei verkemidla du har for å byggja regionen.