Hopp til innhold

Skituren heva seg mange hakk etter telefonsamtalen

Gjøran Tefre vore gjennom ei kjenslemessig berg- og dalbane siste døgn. Fortviling og skuffelse i går, vart snudd til pur glede under ein telefonsamtale i dag.

Gjøran Tefre under Skandinavisk cup i Trondheim

KONTRABESKJED: Skuffelsen var stor i går då Gjøran Tefre ikkje vart teken ut til verdscuprenna i Lahti. I dag fekk han kontrabeskjed.

Foto: Berit Tefre / NRK

23-åringen frå Førde blir likevel å sjå på startstreken under verdscuprenna i Lahti kommande helg.

Sondre Turvoll Fossli står over skøytesprinten for å rette fokus mot renna i Drammen. Dermed får Gjøran Tefre billett til Finland.

– Det kjennest heilt merkeleg. Eg hadde slått meg til ro med at det ikkje vart tur. Då telefonen ringde, gjekk spenningsnivået i kroppen frå null til 100, seier ein strålande Tefre til NRK.

Fekk gladmelding på skitur

Slått til ro med at det ikkje vart Lahti-tur, var Tefre på ein par timar lang skitur på Sjusjøen då landslagstrenar Anders Bystrøm slo på tråden.

– Det var i utgangspunktet ein fantastisk bra tur i flott ver, ned mot 17 minus og strokne forhold. Den heva seg til eit nytt nivå då eg fekk ein så hyggeleg telefon, seier Tefre som i går var både skuffa og overraska over å ikkje bli teken ut til verdscuprenna.

Som første reserve måtte det forfall til om han skulle få verdscupdebut på skøytesprint.

Reiser utan respekt

Men fredag reiser han til Gardermoen og vidare til verdscuprenna i Finland.

– Det blir utruleg gøy og spennande. No gler eg meg berre til å få prøve meg mot dei aller beste, seier han.

– Kva ambisjonar har du med deg til Finland?

– Eg skal legge frå meg all respekt på Gardermoen, og reiser bort for å kline til. Min jobb er å gå som eg har gjort siste helgane, ta meg vidare frå prologen og gå i krigen i kvartfinalen.

Draumen blir verkelegheit

Tefre har tidlegare gått verdscuprenn. Det skjedde på Lillehammer for to år sidan.

Han vil ikkje spå noko plassering, men for 23-åringen blir draumen verkelegheit til helga.

– Dette er noko eg har drøymt om heile livet, så den tek eg på strak arm. Det er viktig ikkje minst for motivasjon, læring og erfaring inn mot treningsarbeidet mot neste sesong, avsluttar han.