– Eg fekk ein dytt i brystet og han som dytta meg skaut fart. Eg sakka akterut. Eg følte meg sterkast og hadde tru på siger, så det var utruleg bittert, seier Tefre til NRK.
Fredag ettermiddag gjekk 23-åringen frå Førde skøytesprint under Skandinavisk cup i Trondheim. Med nest beste tid i prologen og siger i både kvart- og semifinale gjekk Tefre for siger i finalen, men rett før oppløpet vart han hindra og enda på ein fjerdeplass.
Kaotisk finale
På startstreken i Trondheim stod alle dei beste sprintarane i landet, sett bort ifrå dei som framleis er i OL i Pyeongchang. Pål Golberg (4.-plass i OL), Eirik Brandsdal og Sindre Bjørnestad Skar for å nemne nokon.
– Dette var tidenes sjanse til å kvalifisera meg til verdscupen. Eg følte meg bra og det var ikkje tvil om kven som var den beste løparen der i dag. Då er det bittert å få løpet øydelagt slik, seier Tefre.
– Kva tenkte du då sigerstoget gjekk?
– Eg var forbanna og lei meg.
For Tefre hadde leiinga i finalen før den siste utforkøyringa inn på stadion, men i den siste 180.-gradservingen før oppløpet fekk han dytten. Meir kaos vart det inn på oppløpet då Martin Løwstrøm Nyenget og Vebjørn Turtveit gjekk i bakken. Nyenget kom i mål på ei ski.
Sprinten vart vunne av Sindre Bjørnestad Skar, som også var tatt ut til OL der han var reserve.
Verdscupdebut?
Neste helg er det verdscup i Lahti i Finland og det er der Tefre håpar å sjansen. For sidan fleire av dei som vanlegvis går verdscup har vore i OL i fleire veker, opnar det seg plassar.
– Eg har fått beskjed om at eg må vinne renn for å vera aktuell for verdscuplaget. Eg vann sprinten i eit sterkt felt for to veker sidan og hadde eg vunne i dag hadde det fjerna all tvil, seier Tefre.
Tefre har gått i verdscupen ein gong før. Det var på Lillehammer for to år sidan, men då gjekk han på den nasjonale kvoten. I verdscupen utanfor Norge er det berre plass til seks løparar.
– Det avheng mykje av kva landslagsløparane gjer. Eg kan ikkje tenke på kva dei gjer. Eg har gjort mitt og så er det berre å krysse fingrane, seier Tefre.
Etter fleire sesongar plaga av sjukdom har Tefre denne sesongen blant anna tatt sin første store seniorsiger og blitt nummer fem i NM. I morgon står 10 kilometer klassisk på programmet, før 15 kilometer jaktstart på søndag.