Hopp til innhold

I går kjempa han om medalje – i dag braut han sitt første renn

– Langrenn er ein kompleks sport, med mange små marginar. I dag var det ikkje mykje som gjekk min veg, konstaterer Gjøran Tefre.

Gjøran Tefre under klassisk sprint på Lillehammer, desember 2016. Scandinavisk cup

MÅTTE BRYTE: Gjøran Tefre har til det fulle fått oppleve at det svingar fort i toppidretten. Fredag gjekk han for medalje på 15 kilometeren, medan han laurdag gav seg på tremila.

Foto: Privat

Etter fleire magre år med gode resultat på NM-distansane i langrenn, gjekk førdeløparen inn til ein knallsterk fjerdeplass på 15 kilometeren fredag.

På laurdagens 30 kilometer med skibyte, kasta Gjøran Tefre inn handkledet etter ei mil.

– Det var frykteleg bittert. Det er første gang eg må bryte eit renn, men eg trefte verken på ski eller form. Då er det ikkje forsvarleg å tvinge seg gjennom 20 kilometer og hamne på 50. – 70.-plass, seier han.

Tapte heile vegen

Tefre tapte terreng gjennom heile første runden, og var nede på ein 50.-plass då han bestemte seg for å gi seg.

– Eg prøvde alt eg kunne, men tapte plasseringar heile vegen og hamna langt bak i leksa. Ingenting stemde. Bittert sidan eg følte eg var i siget med ein god dag i går og innstilt på gjere eit bra løp i dag, seier han.

– Det gjer noko med motivasjonen når det blir så tungt. Eg hadde eit tøft renn i går og skal gå stafetten søndag, så var det litt greitt å vere føre var, legg Tefre til.

Braut staven

Når NRK snakkar med han laurdag kveld, har han allereie lagt løpet godt bak i minnet. I utgangspunktet er ikkje tremila hans sterkaste distanse. Og på 15 kilometeren har han vist at han kan kjempe om medalje.

– Eg var meir forbanna over at eg braut staven medan eg var på god veg til semifinale på sprinten, seier han

– Men eg gler meg stort over å vite at to av dei som slo meg 15 kilometeren fredag truleg går 15 kilometeren i OL. Og eg var raskast på dei siste fem kilometerane, avsluttar han.