Skipstunnel kan redusere utsleppa med opp mot 60 prosent

Kortare reisetid, mindre drivstoffbruk og opp mot 60 prosent mindre CO₂-utslepp.

Stad skipstunnel, Moldefjorden

2022: Den 1.700 meter lange tunnelen blir den først av sitt slag i verda, dersom den blir ein realitet. Planen er byggestart innan 2022.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Det er funna i ein ny rapport om Stad skipstunnel, som Rolls-Royce har skrive for Havila Kystruten AS og Vanylven Utvikling AS.

Sunnmørsposten omtala rapporten først.

– Rapporten dokumenterer at skipstunnelen er tryggare og gir miljøvinst samanlikna med å gå rundt Stad, seier Arild Myrvoll, dagleg leiar i Havila Kystruten AS.

Havila ja – Hurtigruten nei

Arild Myrvoll, Havila Kystruten

INNSPARINGAR: Med fire skip i hurtigrutetrafikk mellom Bergen og Kirkenes trur Arild Myrvoll at Havila Kystruten vil spare både miljøet og pengar ved å gå gjennom skipstunnelen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Frå 2021 deler Hurtigruten og Havila Kystruten AS på kystrutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes.

Hurtigruten varsla i oktober at dei ikkje vil nytte tunnelen som er planlagt mellom Eide i Moldefjorden og Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje.

Det vil Havila.

– Det er tryggare enn å gå rundt Stad, det er meir føreseieleg og det blir ein turistattraksjon, seier Myrvoll.

Drivstoff og reisetid

Stad skipstunnel

PLANAR: Kvalitetssikringa av Kystverket sitt forprosjekt konkluderte i juni med at nytta av tunnelen er redusert med over ein milliard kroner, medan investeringskostnadane går opp.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Rolls-Royce samanlikna tidsbruk, drivstofforbruk og CO₂-utslepp på ei reise frå Raudeberg sør for Stad til Åramsundet nord for Stad. Ruta vart samanlikna med ei simulert segling gjennom skipstunnelen.

Analysen er gjort i typisk haustvêr, med bølgjer på tre-fire meter. Rolls-Royce såg nærare på ein kjemikalietankar og ein taubåt.

Stadhavet

TAPER FART: – Større båtar taper fart og aukar motorkraft når dei går i sjøgang. Sjølv kjemikalietankaren har mindre prosentvise reduksjonen enn brønnbåten, så er absolutt co₂-reduksjonane større fordi motorkrafta er større, seier medforfattar i rapporten, Leif Vartdal.

Foto: NRK/Ole Andre Rekkedal

– Den minste sparer 50 minutt reisetid og kring 60 prosent drivstoff og CO₂-utslepp. Den store båten brukar same tid, men reduserer utsleppa med 30 prosent, seier Leif Vartdal, avdelingsleiar skipshydrodynamikk i teknologi og utviklingsavdelinga.

Han har skrive rapporten saman med Leif Aarseth.

25.000 kilometer med bil

Totalt meiner Rolls-Royce at berre desse to båtane sparer 1,75 tonn i CO₂-utslepp på ei passering gjennom tunnelen.

– Dette svarar til kring same mengde CO₂ som frå ein personbil med køyrelengde på 25.000 kilometer, seier Vartdal.

Utrekninga er gjort med eit avgrensa datagrunnlag. Vartdal presiserer at rapporten ikkje er ein komplett klimarekneskap, og meiner ein må sjå den totale skipstrafikken forbi Stad og elles nordover vestlandskysten over tid for meir nøyaktige tal.

Skipsleien mellom Raudeberg og Ålesund

STØRRE: I dårleg vêr vel mange båtar indre farleier mellom Raudeberg og Ålesund. Rolls-Royce meiner difor det er viktig å sjå på eit større område enn berre Stadhavet når ein skal gjere heilskaplege vurderingar av skipstunnelen.

Foto: Rolls-Royce

– Eg håper nokon blir engasjert til å gjere ein kritisk gjennomgang av arbeidet vi har gjort og sjå på meir trafikk over fleire år. Eg trur rapporten vil få noko å seia for vala som vert tatt med tanke på bygging av tunnelen, seier han.

Sparer pengar

I fjor løyvde regjeringa fullfinansiering av tunnelen til 2,7 milliardar kroner i Nasjonal Transportplan (NTP).

Då årets statsbudsjett vart lagt fram vart det ikkje løyvd noko som helst til å gå vidare med planlegginga av skipstunnelen. Kostnaden må ned, er meldinga frå samferdsleministeren.

– Ein må også hugse at redusert brennoljeforbruk går rett på botnlina til reiarlaget. Det er ein innsparing for reiarlaget å ha moglegheita til å gå ei tunnelrute i dårleg vêr, seier Vartdal.