Hopp til innhold

Regjeringa vil ikkje gje ei krone til vidare planlegging av skipstunnelen

STAD (NRK): Regjeringa har ikkje sett av ei krone til vidare planlegging av Stad skipstunnel i forslaget til statsbudsjett. Havstykket over Stad er det farlegaste i Noreg, og ein tunnel ville sikra mykje av skipstrafikken.

Rolf Domstein

FARLEG: Prosjektleiar Rolf Domstein vandrar på gravstaden i Ervik, der nokre av dei som er blitt tatt av havet er lagt til kvile. Utanfor frådar det farlege Stadhavet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Tunnelen er planlagd mellom Eide i Moldefjorden og Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje kommune. Blir den ein realitet, blir tunnelen den første av sitt slag i verda, 1700 meter lang.

– Stad er eit område der havstraumane møtes og bygger opp bølger. For mange båtar er Stad difor uframkomeleg i dårleg ver. Sjølv store båtar risikerer å måtte vente.

Men regjeringa vil ikkje bruke ei krone neste år på vidare planlegging av skipstunnelen. Samferdsledepartementet skal no gjere ei ny vurdering av om prosjektet skal bli noko av i det heile tatt.

– Vi ønsker å betre framkomsten for båtar langs kysten. Stadig meir av fiskeeksporten vil bli flytta frå land til sjø. Det vil også passasjertrafikken, men i dag er mange hurtigbåtar ikkje sertifisert til å gå rundt Stad med passasjerar, seier Rolf Domstein.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Slik kan den bli sjåande ut innvending.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Verst i landet

Fleire av dei største skipskatastrofane i landet har skjedd ved Stad. Sist gong nokon omkom var i 1984, men nestenulukkene har vore fleire etter det. På Stad er det stadig vind og sterke straumar. Farvatnet er grunt med fleire skjær. Får eit skip problem, kan det gå rett i fjæra.

Første gong nokon føreslo å sprenge tunnel gjennom Stadlandet var i 1874. På 1980-talet vart det stifta eit selskap som skulle jobbe fram ideen. Sidan då er det blitt laga nesten 20 konseptvalutgreiingar og mange håp er blitt knust i fleire statsbudsjett. Først i Nasjonal Transportplan i 2013 kom gjennombrotet. Den formelle avgjerda om oppstart kan kome i haust.

Rolf Domstein

HÅPAR: Rolf Domstein.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

Men prisen var sett til 2,6 milliardar kroner. No viser nye tal at stor versjon av tunnelen vil komme på 3,3 milliardar kroner, ifølge Domstein.

Det kan føre til at storleiken på tunnelen blir redusert.

Stad skipstunnel
Foto: Illustrasjon Kystverket

– Treng vi tunnelen. Båtane blir jo stadig større og sikrare?

– Stad skipstunnel er for fiskebåtar, brønnbåtar, passasjerbåtar og slike som ikkje kjem seg forbi Stad i dårleg ver. Dei store båtane går ute i havet uavhengig av vêret. Vi meiner at alle innan skipsfart i Noreg vil ha nytte av tunnelen, seier Rolf Domstein.

Men det gjer ikkje Norges Rederiforbund, som trafikkerer kysten med meir enn 150 skip i storleiken 500-75.000 bruttotonn.

– Våre medlemmar seier at dei ikkje kjem til å nytte seg av tunnelen. Den er eit tidkrevjande og unødvendig prosjekt, seier næringspolitisk direktør Amund Drønen Ringdal til NRK.

I eit innspel til kvalitetssikringa skreiv rederiforbundet at skipa deira må redusere farten i dei tronge fjordarmane og for å kunne manøvrere seg inn og ut av tunnelen. I tillegg vil dei måtte ankre opp og vente, eller seinke farten for å kome til tildelt gjennomseglingstid. Det vil heller ikkje vere noko å spare i seglingsdistanse.

– Vi ser at andre kan ha interesse av tunnelen, men skal driftskostnadane betalast av den øvrige trafikken langs kysten, så er vi imot prosjektet, seier Ringdal.

Stad skipstunnel, Moldefjorden

TUNNEL: Tenkt innslag frå Moldefjorden.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

– Ikkje samfunnsøkonomisk lønsam

Også hjå Hurtigruta er det tvil.

– Vi passerer Stad to gonger om dagen. Ein skipstunnel vil ha lite å seie for regulariteten til Hurtigruta. Men som attraksjon vil den kanskje ha ein verdi for gjestene, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege.

Og i KS2-rapporten, den eksterne kvalitetssikringa av Kystverket sitt forprosjekt, blir det konkludert med at samfunnsnytta av tunnelen er blitt redusert med over ein milliard kroner, medan investeringskostnadane går opp.

Kvar av dei 10–12 fartøya som er tenkt skal passere gjennom tunnelen vil koste samfunnet 26.000 kroner kvar dag i 40 år.

Rolf Domstein er kritisk til rapporten.

– Vi meiner trafikken blir større. Rapporten tek ikkje omsyn til hurtigbåt for passasjerar, seier Domstein.

Rolf Domstein

VÊRHARDT: Det blæs alltid på Stad. På platået Vestkapp får Rolf Domstein kjenne på naturkreftene.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Han peiker på ei hending frå si eiga verksemd, som i si tid gav utslag hjå fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) under ein telefonsamtale ein sein kveld.

– Vi måtte legge ned ein fabrikk i Måløy med 250 arbeidsplassar. Hadde vi hatt tunnelen hadde vi hatt ein større arbeidsmarknad som lettare kunne gitt desse ny jobb.

– Skipstunnelen kan utvikle ein felles bu- og arbeidsmarknad på kysten av Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Måløy har fiskeri, Sunnmøre har sterke industrimiljø frå Ulsteinvik til Ålesund. Men hurtiggåande passasjerbåtar er prinsipielt umogleg forbi Stad i dag, seier Domstein.

Stig Ervik har fleire år bak seg som skipper på Stadhavet. No driv han Ervik Havfiske.

– Stad har sterke straumar og dei største bølgene. Og dei er ikkje jamne. Det kan vere flatt hav, men plutseleg toppar det seg ei bølge som ein skipper umogleg kan vere førebudd på. Vi hadde ein båt ute under slike forhold. Plutseleg slo ei bølge inn lugarkabinane og fleire skot. Det skjedde berre plutseleg.

Stig Ervik

SKIPPER: Det flate havet ved Stad kan bli ei stor bølge, utan forvarsel, seier Stig Ervik. Ein av båtane hans vart råka av ei slik bølge.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Må flytte

Den eine tunnelmunninga kjem ut i grenda Kjøde ved Vanylvsfjorden og vil dele grenda i to. Minst fire bustadhus og eit sommarhus må rivast.

Men dei som blir råka har ingenting imot det.

– Vi bur i ei fråflyttingstruga grend og dette er måten vi kan få att noko for huset. Vi tenker å flytte til Austlandet, fortel ekteparet Alf Teigen og Reidunn Stave.

Dei har budd i huset sitt sidan 1983. Reidunn er vakse opp ute på Stad.

– Eg har vakse opp med at folk mista livet på havet. Uhygga har alltid vore i meg. I dag ser eg båtar som berre ligg der og ventar på betre ver.

– Det er heilt greitt at vi må flytte. Berre tunnelen kjem.

Stad skipstunnel

INNSLAGET: Sauene beiter akkurat der skipa kan kome til å segle inn i fjellet i framtida.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK