Hopp til innhold

Nervane tok Erdal på siste skyting – skaut frå seg gullet

Karoline Erdal (19) skaut for gull på siste skyting under jaktstarten under junior-VM i Slovakia. Så kom det tre bom. – Heilsprekk, seier Erdal.

Karoline Erdal under normalprogramet, junior-VM 2017

GJEKK FOR MEDALJE: Karoline Erdal har til no i VM ein 21.-plass og ein 5.-plass.

Foto: Rene Miko / Norges Skiskytterforbund

– På siste skyting kom nervane og tankane frå junior-VM i fjor. Der fekk eg fem bom og no fekk eg berre tre, men det er ein heilsprekk uansett, seier Erdal til NRK etter rennet.

For Førde-jenta kom inn åleine på siste skyting og fem blinkar stod mellom ho og ein gullmedalje i junior-VM. Då ho gjekk av matta stod det tre blinka att. Slik vert det ikkje VM-gull av.

Ikkje første gong

Under junior-VM for ungdom i fjor vart Karoline Erdal verdsmeister på sprintdistansen. Då var situasjonen på jaktstarten ganske lik den i dag. Erdal hadde gått eit sterkt løp, og med fem treff på siste skyting kunne det bli sølv.

Det enda med fem bom, og det prega ho under dagens løp.

– Kva tenkte du då du gjekk ut i tet etter tre skytingar?

– Det var mykje forskjellig. I starten tenkte eg fy fader, det er jævlig gøy å lede junior-VM på jaktstart. Så byrja eg å tenke på det som skjedde i fjor, men det rista eg fort av meg. Men då eg kom inn på standplass kom nervane att. Det er ekstra tøft å stå på skive ein, seier ho.

I forkant av den siste skytinga hadde ho henta inn dei 45 sekunda ho starta bak gårsdagens vinnar, skote 15 av 15 treff og tatt leiinga i løpet med ti sekund ned til andreplassen.

– Det er eit sterkt felt og det var mykje bra på skytebana på dei tre første seriane, men det er ikkje like lett å gleda seg over det når ein veit kva ein rota vekk, seier ho.

Mental trening

Etter å ha gått på ein heilsprekk på to jaktstartar i to junior-VM på rad håpar Erdal å bli kvitt det problemet til neste sesong.

– Eg må ha fleire tøffe duellar på skytebana, slik at eg får trent mentalt på desse situasjonane. På den måten kan eg attskapa situasjonar som den eg var i no, seier ho.

Ho står med det att med ein 5.-, 7.- og 21.-plass etter dei individuelle øvingane i junior-VM i skiskyting. Siste distanse er stafetten på tysdag.

Beste norske vart nemnde Ingrid Landmark Tandrevold som tok bronsemedaljen.