Skal rekonstruere Florø-drapet

– Det vil lette forklaringa for dei sikta, lettare plassere dei involverte og betre forklare hendingsgangen kronologisk, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Huset i Florø der ein mann blei drepen 2. april 2019

DRAP: Politiet meiner å ha god oversikt over kva dei meiner skjedde då ein 40 år gamal mann vart drepen i Florø i byrjinga av april. Likevel ynskjer dei å ha dei sikta mennene med på ein rekonstruksjon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei dramatiske minuttane eller timane då ein mann i 40-åra vart drepen i Florø i april i år , skal rekonstruerast.

To menn er varetektsfengsla for drap, eller medverknad til drap .

– Rekonstruksjonen er eit avhøyr på åstaden, eller på ein liknande stad med same storleik og innreiing, seier Inger-Lise Høyland, politiadvokat i Vest politidistrikt.

Seier ja til rekonstruksjon

Politiadvokat Inger-Lise Høyland

POLITIADVOKAT: – Vi har danna oss eit bilete av kva vi trur hendingsgangen er. Av omsyn til etterforskinga kan vi ikkje seie noko om dødsårsak, skadar eller korleis desse vart påført, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Foto: Truls Kleiven

Politiadvokaten meiner ein slik rekonstruksjon vil vere viktig for både dei sikta og politiet. Rekonstruksjon blir ofte nytta av politiet i store og alvorlege saker.

– Den gjer det lettare for politiet å forstå kva dei meiner. Vi kan unngå mistydingar, seier Høyland.

Advokat Frode Sulland er forsvarar for 22-åringen som først vart pågripen for drapet . Han seier rekonstruksjonen er politiet sitt initiativ, men at klienten hans er positiv til å vere med.

– Men det er avgrensa kva ein rekonstruksjon kan bidra med utover forklaringane i saka. Dette er meir eit spørsmål om politiet sitt ynskje, seier Sulland.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararen til den sikta 40-åringen.

65 vitne avhøyrde

Politiet meiner å ha eit bilete av kva dei meiner skjedde både i forkant, under og etter drapet. Av omsyn til etterforskinga ynskjer Høyland framleis ikkje å gå ut med omstenda eller forklaringane til dei to sikta. Politiet fryktar at vitne kan bli påverka av medieomtale.

Går etterforskinga som planlagt, kan drapssaka kome opp for retten mot slutten av året.

– Vi har kome langt i etterforskinga, men mykje arbeid står att. Så langt har vi avhøyrt 65 vitne, og vi hentar inn analysar av dei kriminaltekniske funna. Vi planlegg fleire avhøyr av dei sikta, seier Høyland.

Ikkje teke stilling til sikting

– Dei sikta vil gje ei forklaring før rekonstruksjonen. Det blir også gjeve forklaring under rekonstruksjonen, seier Høyland.

Politiet har kartlagt nettverket til dei involverte og meiner å ha fått avhøyrt alle, både i familie og omgangskrins, som dei meiner kan ha informasjon om saka.

Forsvarsadvokat Frode Sulland

FORSVARAR: Advokat Frode Sulland seier klienten hans er positiv til å vere med på ein rekonstruksjon.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

Dei sikta har sete med brev- og besøksrestriksjonar. Begge sat også lenge i isolasjon.

Den sikta 22-åringen har førebels ikkje teke stilling til skuldspørsmålet.

– Han er framleis veldig prega av hendinga. Det er ein belastande situasjon både å vere gjennom ei slik dramatisk hending, men også å sitje i isolasjon og med brev- og besøksrestriksjonar, seier Sulland.