Hopp til innhold

Mann arrestert og sikta for drap

FLORØ (NRK): Politiet har starta drapsetterforsking etter at ein mann vart funnen død i ei leilegheit. No er ein mann arrestert og sikta for drap.

Mistenkeleg dødsfall i Florø

ETTERFORSKAR: Kriminalteknikar har i kveld jobba på staden der ein mann blei funnen død.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var skadane på mannen og forholda på staden som gjer at politiet etterforskar dødsfallet som mistenkeleg. Dei vil førebels ikkje seie noko om kva skadar mannen var påført.

Det var i samanheng med ei anna sak at politiet drog til bustaden. Der fann dei mannen medvitslaus.

Klokka 22:00 opplyser politiet at ein mann er arrestert og sikta for drap.

– Det har ikkje late seg gjere å avhøyre han i kveld. Politiet vil prøve på nytt i morgon saman med oppnemnd forsvarar, skriv politiet i ei pressemelding.

Politiet vil utover dette ikkje kommentere bakgrunn for at mannen er sikta, før han er avhøyrd.

Mistenkeleg dødsfall i Florø

SPERRA AV: Mannen blei funnen død i ei leilegheit.

Foto: Truls Kleiven

Helsepersonell kom raskt til staden og starta gjenoppliving. Dei lukkast ikkje med å få liv i mannen, og han vart erklært død på staden.

Folk som bur i nærleiken av åstaden fortel om mykje trafikk inn og ut av huset i periodar.

Like før klokka 19.30 tysdag kveld sa politisjefen i Florø Wenke Hope til NRK at dei pårørande er varsla. Den avdøde vil bli obdusert i Bergen og krimteknikarar går gjennom åstaden.

– Kriminalteknikarar, fleire etterforskarar og påtaleansvarleg har reist til Florø. Arbeidet med dei kriminaltekniske undersøkingane vil halde fram i morgon. Det blir også jobba med vitneavhøyr, opplyser Vest politidistrikt.

Advokat Stig Nybø er oppnemnd som forsvarar for den sikta. Han seier han har vore i kontakt med mannen.

– Ut over det har eg ingen kommentar, seier han.

Mistenkeleg dødsfall i Florø

MISTENKELEG: Politiet meiner dødsfallet i Florø er mistenkeleg, og har starta etterforsking.

Foto: Truls Kleiven
Dødsfall Florø