Hopp til innhold

Skal avhøyre fleire vitne gjennom helga

FØRDE (NRK): Politiet vil gjennom helga halde fram kartlegginga av nettverket rundt dei involverte i drapssaka i Florø.

Inger-Lise Høyland

HELD FRAM: Etterforskinga av drapet i Florø held fram gjennom helga, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Det seier politiadvokat Inger-Lise Høyland etter fengslingsmøtet i Sogn og Fjordane tingrett.

– I helga prioriterer vi ein del vitneavhøyr. Både det som kan kartlegge nettverket rundt dei, om nokon veit noko om bakgrunnen, men også personar som kan vere i området eller bustadane til nokre av dei to sikta, seier Høyland.

– Er ikkje ferdige på åstadane

Politiet har sett inn store ressursar i etterforskinga i Florø. Høyland seier at det er eit omfattande kriminalteknisk arbeid som skal gjerast, og at dei ikkje seier seg ferdige med å oppsøke stadar.

– Vi meiner å ha sikra det mest tidskritiske, men vi er ikkje ferdige på åstadane, seier politiadvokaten.

Politiet har undersøkt adressene til både den drepne og dei to sikta. I tillegg er politiet godt i gang med avhøyr.

Var inne som vitne

Det er også summen av dette som gjorde at dei onsdag gjekk til pågriping av den andre sikta. Den 40 år gamle mannen var først inne til avhøyr som vitne.

Krimteknikarar frå Bergen på plass i Florø

DREPEN: Politiet har sett store ressursar inn i etterforskinga av drapet i Florø.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fredag vart også han varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei første to vekene er med isolasjon. Ein 22-åring vart torsdag fengsla i fire veker.

– Det er på bakgrunn av spor som er henta inn frå åstad, heime hos dei to sikta, forklaringane til dei to sikta og vitne, samt digitale spor i form av kva vi finn på telefonar og kommunikasjon, seier Høyland.

Etterforskar breitt

Politiet meiner å ha eit bilete av hendinga som førte til drapet på den 40 år gamle mannen.

Både offeret og dei to sikta kjenner kvarandre frå før. Alle er norske statsborgarar, busette i Florø. Begge dei sikta er tidlegare dømde for vald og narkotikalovbrot.

Det skal ha vore rus i biletet drapsdagen.

Høyland vil ikkje kommentere om dei ser på eit spesielt miljø. Ho vil heller ikkje sjå vekk i frå at fleire kan bli pågripne.

– Sjølv om vi har to pågripne, og trur vi har laga oss eit bilete av hendingsforløpet, så må vi arbeide breitt og ikkje lukke oss til ei hypotese, seier ho.

Nektar straffskuld

Ivar Blikra

NEKTAR: Advokat Ivar Blikra seier den 40 år gamle klienten hans nektar for å ha hatt noko med Florø-drapet å gjere.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Mannen som vart fengsla fredag gjekk rett frå avhøyr til fengslingsmøtet. Høyland seier at han samarbeider og har forklart seg bra for politiet.

Den 40 år gamle mannen nektar straffskuld for den alvorlege siktinga. Strafferamma for drap er fengsel i mellom åtte og 21 år.

– Han er sterkt påverka og prega av ei så alvorleg sikting som omhandlar ein person han har kjent i fleire år, seier forsvarar Ivar Blikra.