Hopp til innhold

Skulle leite etter narko – fann drapsoffer

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Politiet rykte ut då dei fekk tips om at det livsfarlege stoffet fentanyl var i eit hus i Florø. Inne i huset fann politiet ein mann som var slått i hel med ei skrutvinge.

Krimteknikarar frå Bergen på plass i Florø

TØFF SAK: Nokre timar etter at ei politipatrulje fann mannen død, var teknikarar frå Bergen på plass i Florø.

Foto: GEIR BJARTE HJETLAND / NRK

Det var rystande hendingar som blei fortalt om, då rettssaka mot ein mann i 20-åra starta i Sogn og Fjordane tingrett torsdag.

Mannen er tiltalt for å stå bak det brutale drapet på ein mann i 40-åra 2. april i 2019.

Han har vedgått at det var han som slo.

Ville ransake huset

Men at det var eit drap, hadde ikkje politiet mistanke om den føremiddagen i 2019.

Dei rykte ut til bustaden til den drepne for å leite etter det livsfarlege, narkotiske stoffet fentanyl.

Døra til bustaden stod open.

– Politiet gjekk inn i huset, ropte på han som budde der utan å få svar. I stova låg mannen på magen mellom sofaen og bordet, sa statsadvokat Kristine Herrebrøden i retten torsdag.

Politiet fekk raskt tilkalla ambulansepersonell og lege, som slo fast at mannen var død.

Ved sidan av mannen låg ei blodig skrutvinge.

Utover same dagen blei mistanken retta mot mannen i 20-åra. Han var då frakta til sjukehus i Førde fordi han stod fram som svært uroleg og forvirra.

Kristine Herrebrøden

AKTOR: Statsadvokat Kristine Herrebrøden fører saka for påtalemakta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Innrømmer alt

Ein politibetjent frå lensmannskontoret i Førde drog til sjukehuset og spurte mannen om kva som hadde skjedd.

– Eg slo han, eg slo han, sa mannen.

– Du veit at dette er alvorleg, seier politimannen.

– Ja, visst f ... er det alvorleg, sa drapstiltalte.

Mannen blei då pågripen og blei avhøyrd fleire gonger dei neste vekene og månadane. Han deltok også i ein omfattande rekonstruksjon av hendingane.

I retten la han heller ikkje skjul på at han slo drapsofferet fleire gonger.

– Eg slo han i hovudet, forklarte tiltalte.

– Var psykotisk

Psykologen og psykiateren som har vurdert tiltalte sidan pågripinga, meiner at han var psykotisk då drapet skjedde.

Statsadvokaten vil at retten skal dømme mannen til tvungent psykisk helsevern.

Både drapsofferet og drapsmannen var ein del av det tunge rusmiljøet i kystbyen Florø.

Eit miljø som dei siste åra har vore prega av fleire dødsfall.