NRK Meny
Normal

Har funne 3000 år gamle gevir, no skal breane granskast for fleire gamle gjenstandar

Etter funn av nær 3000 år gamle reinsdyrgevir vil naturstyresmaktene granske breane nærare for å sjå om det dukkar opp fleire gamle funn som kan bidra med ny kunnskap.

Atle Nesje og Anne Rudsengen

FUNN: Forskar Atle Nesje og Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn ynskjer å kartlegge breane meir systematisk, slik at ein får gjenstandar som i dag ligg skjult av breane fram i dagen.

Foto: Statens Naturoppsyn

– Vi håpar å få midlar til ei meir systematisk kartlegging, som gjer at vi kan reise over potensielle området der det kan ligge reinsdyrgevir eller andre ting i isen. Gjenstandane skal ikkje ligge så lenge på bar bakke før dei smuldrar vekk, og det blir vanskeleg å gjere DNA-analysar til dømes, seier professor ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje.

I sommar fekk han nyss om funn av det som kunne vere fleire hundre år gamle reinsdyrgevir i Loen. Gevira vart sende til Polen for karbonanalysar, og resultata syner at dei er opp mot 2100 år gamle. Resultata har ein feilmargin på pluss/minus 30 år.

– Vi er avhengige av å få samla det inn raskt etter at det ha kome ut av isen, så det ikkje vert øydelagt av vêr og vind, seier Nesje.

No er målsettinga å få i stand eit prosjekt i samarbeid med Statens Naturoppsyn og Jostedalsbreen nasjonalparkstyre for neste år, slik at ein kan sette i gang systematisk innsamling av gjenstandar.

Snubla over nær 3000 år gamalt gevir

For til no er det i stor grad turgåarar og andre som melder frå om at dei har funne ting i isfonner og område som før var dekka av snø og is.

– Vi som forskar på dette er avhengige av å få inn slikt materiale. Vi har verken tid eller kapasitet til å tråle over aktuelle område. Med årets varme sommar, så ser vi også at store område er blitt isfrie. Det er utruleg flott at folk har auga med seg og plukkar opp ting og tek det med seg, seier Nesje.

Gevira som vart funne i fjell- og breområdet mellom Kjenndalen og Nesdalen i Loen

GAMLE: Gevira som vart funne av tilfeldige turgåarar i Loen, syner seg å vere mellom 1400 og 2100 år gamle.

Foto: Statens naturoppsyn

Ekstra nøgd vart forskaren av det han fekk tilsendt frå Fresvik tidlegare i år. Ein beinstump på mellom 20–30 centimeter, fann vegen frå heimen til Bjørnar Øyri og fram til Nesje sitt kontor.

Øyri snubla over beinrestane på sauesanking for nokre år sidan, men fatta interesse for det og tok det med heim.

– Det låg i eit område der snøen hadde trekt seg tilbake, og vi diskuterte om vi skulle ta det med eller ikkje. Eg hadde kanskje trudd det var nokre hundre år, men det var overraskande at det var nesten 3000 år gamalt, fortel han til NRK.

For Nesje sende også dette beinet til Polen for analysar, og dei synte at beinet var kring 2800 år gamalt.

Etter funnet har Øyri blitt ekstra merksam på gjenstandar som ligg på bakken der snøen før har dekt grunnen.

– Eg føl litt ekstra med, ser eg noko liknande så studerer eg det litt ekstra, seier Øyri.

Skal granske opphavet

For forskaren bidreg dei gamle gjenstandane med nyttig kunnskap om fauna og klima.

– No veit vi meir om korleis ismassane på toppen av desse fjella har variert, og vi veit meir om faunahistoria. Folk i Lodalen og Olden seier at det ikkje har vore reinsdyr i området i nyare tid. Og funna tyder på at breane var relativt små for kring 2000 år sidan også, fortel Nesje.

No håpar han også at ein skal klare å få meir kunnskap ut av dei gamle gjenstandane. For i Oslo sit ein ny forskar klar til å studere DNA-et i gevira.

– Knut Røed skal finne ut kva reinsdyrstamme dyra kjem frå, fortel Nesje.

Den eine stammen her til lands er den opphavlege villreinen frå Dovre og Rondane, som kom nordfrå. Den andre held til kring Hardangervidda, og utvandra frå Frankrike i sør ved siste istid.

– Dei to stammane er så genetisk ulike at ein kan skilje dei frå kvarandre. Resultatet kjem i løpet av hausten, seier Nesje.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser