Hopp til innhold

Ventar stor tilbakesmelting av breane

Snøsmeltinga på brearmane til Jostedalsbreen ligg ein til to månader føre skjema. Det kan ein alt sjå resultat av, ifølgje professor i geovitskap, Atle Nesje.

Briksdalsbreen

GÅR TILBAKE: Briksdalsbreen i Stryn er ein av fem brearmar av Jostedalsbreen som har trekt seg tilbake.

Foto: Erling Briksdal

Stor vassføring tyder på kraftig snøsmelting frå breane, noko ein alt no kan sjå resultatet av, til dømes i Briksdalen i Stryn.

Målingar frå NVE i 2013 viser at 26 av 33 brear på landsbasis har trekt seg tilbake. Berre fire brear er uendra, medan tre brear viser framgang. Rundt Jostedalsbreen har fem av ni målte brear trekt seg tilbake, medan tre har gått fram. Stigaholtbreen i Luster var den breen i Norge som trekte seg tredje mest tilbake med 36 meter.

– Uvanleg stor smelting

Professor i geovitskap ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje, seier at smeltinga på brearmane til Jostedalsbreen ligg minst ein månad føre skjema.

– I fjor då vi var i Briksdalen og målte brefronten i månadsskiftet september – oktober, så låg det framleis is som var frå året før, men allereie no er i vi komne ned på den gamle isen. Det er ei uvanleg stor smelting, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bødalsbreen

BØDALSBREEN: Fem av dei ni brearmane til Jostedalsbreen har gått tilbake. Bødalsbreen er ein av dei.

Foto: Erling Briksdal

Professoren, som er oppvaksen nokre kilometer frå turistmagneten Briskdalsbreen, fekk denne veka sjå heilt nye bilete av breen.

– Eg kan ikkje hugse å ha sett fossen i Briksdalen så stor som han var no for nokre dagar sidan. I tillegg viste biletet av brefallet at det er smelta ned på gammal is, nede på bretunga, seier Nesje.

Kraftig stigning i temperaturar

Så medan vi nyt varmen, sola og dei høge temperaturane, så går det same hardt ut over Jostedalsbreen og brearmane. Statsmeteorolog Kari Bergfjord seier at dei ser store endringar på temperaturane i år samanlikna med tidlegare.

– Det er jo betydeleg høgare temperaturar i år enn det var i fjor. Eg tok målingar frå dei stasjonane som har litt høgde, med tanke på bresmelting, men målingane viser det same dei fleste plassane, seier ho.

Alt i februar såg vi konturane av eit uvanleg varmt år. Sogndal lufthamn Haukåsen hadde då i snitt 1,3 plussgrader, medan normalen er 4,7 minusgrader. Og slik er det over heile fylket (sjå fleire tal i faktaboksen til høgre).

– I februar 2013 var gjennomsnittstemperaturen i Stryn minus 3,2 og i 2014 var den pluss 3,9, fortel Bergfjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Briksdalsfossen eller Kleivafossen

STOR SMELTING: Professor i geovitskap, Atle Nesje, seier han aldri har sett Briksdalsfossen så stor som i år.

Foto: Erling Briksdal

Fryktar for framtida til breane

Fagansvarleg Pål Gran Kielland ved Norsk Bremuseum er ikkje optimistisk på vegner av breane.

– Særleg på målestasjonen i Fjærland har det vore varmare enn normalen i heile år. Når det er varmare enn normalt om sommaren så vil det smelte meir. Vi må vente og sjå på målingane i oktober, for å sjå om breane har gått fram eller tilbake, men når det er så varmt som no, så smeltar det ekstra.

Atle Nesje, professor i geologi

URO: Professor i geovitskap ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje.

Foto: NRK

Etter nokre positive år for breane kom det eit skifte ved år 2000. Sidan då har ein opplevd ei tilbakesmelting av brearmar over heile verda. På Jostedalsbreen har sju brear i gjennomsnitt trekt seg tilbake 222 meter dei siste 10 åra. I oktober ventar nye målingar.

– Eg reknar med at det vert tilbakesmelting på alle bretungene som ein måler på, seier Nesje.

– Er du uroa over utviklinga?

– Ja, eg er uroa. For mange av desse brearmane, som trekkjer til seg mange turistar, kan bli mykje mindre og til og med forsvinne heilt. Dei kan etter kvart bli vanskelege å sjå nede frå dalen, og kanskje må ein lenger opp for å kunne sjå isen.