Fann eldgamle reinsdyrgevir i bre – kan vere 2000 år gamle

Fire eldgamle reinsdyrgevir er funne i brekanten på Nonsnibba i Jostedalsbreen.

Atle Nesje og Anne Rudsengen

TRULEG VELDIG GAMLE: Professor Atle Nesje og Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn er glade for funnet av gevira.

Foto: Statens Naturoppsyn

– Eg trur dei kan vere 2000 år gamle. Dersom dei er så gamle, kan dette vere ei viktig oppdaging, seier forskar Atle Nesje frå Universitetet i Bergen.

I slutten av juli fann turgåarar to store reinsdyrgevir rett i nærleiken av ei nedsmelta brefonn i området mellom Kjenndalen og Nesdal i Loen. Gevira låg i nesten 1800-meters høgde ved Nonsnibba, også kalla Middagsnibba.

Har ikkje visst det var rein der

Forskarar er svært glade over funnet av det dei trur er eldgamle gevir frå reinsdyr. Spesielt sidan ein ikkje tidlegare har vore klar over at det har vore rein i dette området.

Måndag flaug Statens Naturoppsyn og Nesje opp på fjellet.

– Det å komme opp på denne plassen var heilt fantastisk. Det er merkeleg at det skulle ha vore reinsdyr der, det er iallfall lite å livnære seg av der i dag. Men det er tydeleg at brearmane har smelta kraftig, for det var store lyse parti utan lav og anna vegetasjon, seier Nesje.

Gjertrud og Kay Roger Haugen, Anne Rudsengen, Atle Nesje og Rune Holen

Gjertrud og Kay Roger Haugen (t.v.) var med då gevira blei funne. Her saman med Anne Rudsengen, Atle Nesje og Rune Holen.

Foto: Statens naturoppsyn

Viktige funn for forskarar

På den korte turen i området måndag blei det funne ein bit av eit gevir i nærleiken av ei snøfonn og eit mindre gevir som låg delvis framsmelta i fonna. Atle Nesje seier funna er viktige for fleire grupper av forskarar.

– All ære til dei som fann gevira slik at vi kan bruke dei i forskinga. Det er både av klimahistorisk og faunahistorisk interesse å få datert desse gevira.

– Kva kan det fortelje oss noko om?

– I og med at dei smelta ut av isen no, vil vi vite kor lenge det er sidan breane var så små som no. Vi kan også finne ut kva reinsdyrstammar desse kom frå og dei kan kartleggje reinsdyr i tidlegare tider, seier Nesje.

Gevira som vart funne i fjell- og breområdet mellom Kjenndalen og Nesdalen i Loen

FUNNE I BREFONN: Gevira som vart funne i fjell- og breområdet mellom Kjenndalen og Nesdalen i Loen.

Foto: Statens naturoppsyn

Får svaret om to-tre månader

Alle dei fire gevira er no sende til eit laboratorium, og svara på alderen vil kome om to til tre månader. Det skal også gjerast genanalyse for å finne ut kvar dyra kjem frå og kva reinstamme dei kjem frå, til dømes Jotunheimen, Hardangervidda eller Dovre.

Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn seier funna kan hjelpe til med å seie noko om livet til menneska i området for lenge sidan.

– Vi ser frå andre plassar i høgfjellet i Norge at når breane smeltar meir, så kjem det ut ting. På Dovrefjell er det funne spor etter menneske, som pilspissar dei har skote med. Om det viser seg at gevira er gamle, håper eg vi kan bruke meir tid på å leite eventuelle spor etter folk, seier ho.

Gertrud Haugen på Middagsnibba ovanfor Kjenndalen

FLOTTE GEVIR: Gertrud Haugen på Middagsnibba ovanfor Kjenndalen pynta varden med gevira då dei fann dei.

Foto: Statens Naturoppsyn