Hopp til innhold

– Eit forferdeleg utfall av ei rekke uheldige omstende

Sjåføren som er sikta for aktlaust drap etter ulukka i Kjølsdalen erkjenner ikkje straffskuld. Over nyttår skal han forklare seg til politiet.

Blomar på ulykkestad i Kjølsdalen

TRAGISK ULUKKE: Blomster er lagt ned på ulukkestaden, der Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) omkom torsdag kveld.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Mannen som køyrde på og drap to personar som gjekk langs gangvegen i Kjølsdalen torsdag meiner straffevilkåra ikkje er oppfylt. Onsdag 2. januar skal han forklare korleis ulukke skjedde.

– Vi må ta stilling til siktelsen når vi kjem i avhøyr, men hans oppfatning er at dette er eit forferdeleg utfall av ei rekke uheldige omstende. Straffevilkåra er difor ikkje oppfylt, seier mannen sin advokat, Oscar Ihlebæk.

– Så han erkjenner ikkje straffskuld?

– Han erkjenner ikkje straffskuld, nei.

– Tøffe tak

Sjåføren var sterkt prega etter ulukka, og valde å utsette forklaringa på fredag. Både politiet og advokaten håpa då på eit nytt avhøyr søndag, men det er no utsett på nytt. Ihlebæk seier det er fleire årsaker til at avhøyret er utsett.

Oscar Ihlebæk

ADVOKATEN: Oscar Ihlebæk er sjåføren sin advokat.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

– For det første er det eit ønske frå meg om at han skal få roe seg, slik at han er psykisk og fysisk i stand til å gjennomføre eit avhøyr. Det blir nok tøffe tak.

Utsett av fleire årsaker

– Han synest det er tøft å stå ansvarleg for to tapte liv, så no er han heime hos foreldra. Men at det no er utsett handlar også om mine og politiet sine ressursar, seier Ihlebæk.

Regionlensmann, Tormod Hvattum, stadfestar til NRK at avhøyret er utsett til onsdag, og at mannen ikkje lenger sit i varetekt.