Hopp til innhold

Mann sikta for aktlaust drap etter trafikkulukka i Eid

Det var Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) som omkom i den tragiske trafikkulukka ved Kjølsdalen i Eid torsdag kveld.

Blomar på ulykkestad i Kjølsdalen

OMKOM: Dei to kvinnene i 50- og 60-åra gjekk på gangvegen parallelt med riksveg 15 då dei vart trefte av ein bil. Fredag er det kome blomar og lys på ulykkesstaden.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding. Pårørande er no varsla og namna blir frigjorde i samråd med familiane.

Ifølgje NTB er bilføraren, ein mann i 50-åra, sikta for aktlaust drap etter ulukka som skjedde ved riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid.

– Politiet held framleis på med taktisk og teknisk etterforsking i saka, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Mange er råka

Alfred Bjørlo på ulukkesstaden i Kjølsdalen

_– Det er viktig å få skilt mjuke og harde trafikkantar så ein kan vere trygg når ein ferdast langs vegane til fots. At ei slik ulukke skjer der det faktisk er bygt gang- og sykkelveg gjer hendinga ekstra spesiell, seier ordførar Alfred Bjørlo_

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (v) seier ulukka pregar alle, både i Kjølsdalen og i kommunen elles.

– Ei tragisk hending som dette er eit sjokk for alle, seier Bjørlo.

I går kveld samla mange seg i skulen. I dag opnar kyrkja dørene klokka 16.

– Mange er råka. Det er ei lita bygd, der alle kjenner kvinnene som omkom. Her er familiar, vener og ulike nettverk rundt, seier Bjørlo.

– Mange råka

Mange har kjent behov for å nokon å snakke med etter den tragiske ulukka. Kvinnene gjekk på gangvegen parallelt med riksveg 15, då ein bil på veg mot Nordfjordeid køyrde av vegen og trefte dei. Kvinnene vart stadfesta omkomne av ein lege på staden.

Kommunen sette raskt kriseleiing og sende eit psykososialt kriseteam til bygda. Også kyrkja og lag og organisasjonar stiller opp.

– Det er umogleg å bu seg for slike hendingar. Det handlar om å vere der og ta vare på kvarandre. Eg trur det var viktig for folk å samlast i går kveld, seier Bjørlo og legg til at kommunen framover vil tilby krisehjelp.

– Veldig mange er råka. Personar var tidleg på skadestaden og prøvde å hjelpe til. Ikkje minst har mange gjort ein stor frivillig innsats og sit med sterke inntrykk, seier han.

Ingen vitne til ulukka

Trafikkulukke ved Kjølsdalen i Eid

SPERRA AV: Riksveg 15 var stengd i fleire timar i natt etter den tragiske ulukka ved Kjølsdalen i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vegen var stengd i fleire timar i natt medan politiet, kriminalteknikarar og Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon gjorde sine undersøkingar. Regionlensmann Tormod Hvattum seier at det ikkje var vitne til sjølve ulukka.

– Det var ingen direkte vitne, men det kom folk ganske raskt til. Både naboar og forbipasserande, seier han. Hvattum seier at det framleis er for tidleg å seie kvifor bilen køyrde av vegen.

– Bilføraren vart lettare skadd, så han var på sjukehuset i natt. Han er sjølvsagt prega av ulukka, men utover det kan eg ikkje seie kva han har sagt, legg regionlensmannen til.

Har sikta bilføraren

Ulukkesstaden ved Kjølsdalen i Eid

GANGVEG: Ulukka skjedde på gangvegen til høgre i biletet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Politiet har rutinemessig teke blodprøve av mannen i 50-åra. Mannen, som er frå Gloppen, er fråteken førarkortet.

I dag vil politiet gjere fleire avhøyr, mellom anna vil dei prøve å få avhøyrd bilføraren. Politiet jobbar også med å få på plass ein advokat for mannen.

– Det er ikkje skrive noko formell sikting endå, men han er sikta for aktlaust å ha ført til at dei to kvinnene døydde i trafikken, seier Hvattum til NTB.

KJØLSDALEN: Bygda Kjølsdalen ligg langs riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid.