Hopp til innhold

Sikta sjåfør sterkt prega – utset å forklare seg

Sjåføren, som er sikta for aktlaust drap etter trafikkulukka i Kjølsdalen der to personar omkom, er sterkt prega etter hendinga og utset å forklare seg til politiet.

Lys og blomar på ulukkesstaden

DØDSULUKKE: To personar omkom etter å ha blitt påkøyrde på gangvegen langs riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid.

Foto: ØYSTEIN TORHEIM

Politiet håpa å få svar på korleis ulukka i Kjølsdalen i Eid kunne skje. Men mannen i 50-åra som køyrde bilen har så langt valt å ikkje forklare seg.

– Dette er ei hending som har gått svært inn på min klient, og han har no valt å nytte seg av den retten han har til førebels ikkje å forklare seg noko meir, seier Oscar Ihlebæk som er forsvarar for mannen.

Nye forsøk på avhøyr

Fredag sat mannen i eit lengre avhøyr med politiet. Han er førebels sikta for aktlaust bildrap.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

ETTERFORSKAR: Regionlensmann Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Vi vil sjølvsagt gjere forsøk på nye avhøyr av mannen, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

– Betyr det nye forsøk i dag, eller blir det i morgon?

– Mest sannsynleg så vert det nok i morgon, seier Hvattum

I mellomtida gjer politiet analysar av tekniske spor, og vurderer om det også skal gjerast fleire vitneavhøyr.

– Må vurdere om han kan avhøyrast

Oscar Ihlebæk

VIL IKKJE FORKLARE SEG: Oscar Ihlebæk er forsvar for den sikta bilføraren.

Foto: Laila Nguyen / NRK

– Eg reknar med at politiet vil prøve å avklare moglegheiter for at min klient gir ei ny formell forklaring, men det får vi eventuelt kome attende til, seier Ihlebæk.

Han understrekar at han kjem til å la omsynet til den sikta gå framfor behovet for eventuelle nye avhøyr.

– Dersom eg er usikker på om han er fysisk og psykisk i stand til å la seg avhøyre, så kjem eg til å seie nei til nye avhøyr no, seier Ihlebæk.