Hopp til innhold

– Når eg søv kjem bileta av bilen som står og brenn

FØRDE (NRK): Den 19 år gamle sjåføren tok ei lynrask avgjersle om å køyre bilen ut, for å hindre ein alvorleg tunnelbrann. Fire dagar etter går framleis minna om brannen ut over nattesøvnen.

Trailer

BRENT OPP: Kristian S. Nordbø var midt i Fodnestunnelen i Lærdal då semitraileren hans byrja å brenne. Slik ser semitraileren ut etter brannen.

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING

– Eg tenkjer mykje på kva som kunne ha skjedd, og kvifor det skjedde. Prøvar å finne løysingar på korleis og kvifor, og kva eg kunne gjort annleis.

Det er vanskeleg for Kristian S. Nordbø frå Dale i Sunnfjord å sovne etter hendinga i helga.

– Når eg sovnar kjem bileta av bilen som brenn. Då vaknar eg, og så tar det kanskje 3–4 timar før eg sovnar att.

Natt til laurdag var Nordbø på veg gjennom Fodnestunnelen i Lærdal då bilen han køyrde plutseleg tok fyr. Det var Firda som fyrst intervjua sjåførlærlingen. Det som skulle vere ein rutinetur for sjåførlærlingen, enda i eit mareritt.

Hadde Gudvangen i minnet

Kristian S. Nordbø

DRAMATISK: Sunnfjordingen handla raskt då han såg at bilen hans hadde teke fyr, og køyrde den ut av tunnelen for å unngå ein situasjon lik den i Gudvangen.

Foto: Idunn Lavik / NRK

– Plutseleg mista bilen all drivkraft, og dashbordet blinka som eit joletre. Eg visste ikkje kva som føregjekk. Så smalt det, og då kom flammane.

– Eg tenkte det som skjedde i Gudvangatunnelen, og tenkte at «bilen kan jo ikkje stå her og brenne. Eg må få den ut».

I august 2015 vart 37 personar evakuerte då ein turistbuss tok fyr i tunnelen i Gudvangen. Det skjedde berre to år etter at ein polsk lastebil tok fyr i same tunnelen, og 60 personar vart send til sjukehus. Dette hugsa den unge sjåføren godt då han bestemte seg for å handle.

– Eg tvang bilen ut av tunnelen, med det vesle som var att av drivkraft. Dei to kilometerane som var att var dei lengste i livet mitt. Tunnelen har aldri vore så lang som den var på laurdag.

19-åringen brukte tre minutt på dei siste kilometerane av den 6,6 kilometer lange tunnelen – i låg fart. Tankane hans gjekk til bilane som kom etter han inn i tunnelen.

– Eg visste det var ein risiko for at bilen kunne ta meir fyr enn kva den gjorde medan eg køyrde bilen ut. Men eg hadde ikkje tid til å verte skikkeleg redd. Eg følte eg måtte ta den risikoen, seier sunnfjordingen.

– Snarrådig tenkt

Geir A Mo, administrerende direktør i NLF

HELT: Administrerande direktør i Norges Lastebilegarforbund, Geir A. Mo, er imponert over Kristian S. Nordbø. – Utruleg snarrådig og han sette openbert sin eigen tryggleik i fare for å hindre ein potensielt mykje større katastrofe. Det høyres ut for å vere ein ekte helt, seier Mo.

Foto: Braata, Espen / Braata, Espen

Administrerande direktør i lastebileigarforbundet, Geir A. Mo, er imponert over måten den unge yrkessjåføren handterte situasjonen på.

Likevel presiserer han at det er viktig at yrkessjåførar tenkjer eigen tryggleik og ikkje set eige liv i fare.

– Når det er sagt, så er det ein utruleg innsats, av ein så ung førar, å hindre ei potensielt større ulukke. Det er berre å ta av seg hatten og bøye seg i støvet for ein slik tankegang og innsats, seier han og legg til:

– Det er ein ekstrem situasjon å hamne i når vogntoget byrjar å brenne i ein lang tunnel. Det er lett å stogge og leggje på sprang. Det gjorde han ikkje. Sjølv om det er på nattetid, så tenkjer han potensielle følgjer og får bilen ut av tunnelen før den tek ordentleg fyr.

Opp i flammar

Ute av tunnelen prøvde sjåførlærlingen så godt han kunne å sløkke brannen med brannsløkkingsapparat medan han snakka med naudetatane på telefon. Fire minutt og femten sekund etter at han var ute av tunnelen, var traileren hans likevel fullstendig overtent.

– Til slutt tok tralla fyr òg. Det var heilt forferdeleg å sjå bilen min brenne, utan at eg å kunne gjere noko med det. Eg skalv og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere.

Kristian S. Nordbø

SØV DÅRLEG: 19-åringen synest det er slitsamt å ikkje få sove. – Eg unner ingen å ligge vaken slik og tenke på ting som har skjedd.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Trass dramatikken var det ikkje seg sjølv Nordbø var redd for.

– Eg har fått veldig god opplæring rundt det med brann. Eg visste kva eg skulle gjere, og hadde kontroll på det. Eg var meir redd for det rundt meg og kva som kunne skje. Eg visste jo at det var ein risiko for at bilen kunne eksplodere.

I dagane etter laurdag har Nordbø vore plaga av minna frå brannen. 19-åringen vil gjerne ha svar på kva som var årsaka til at bilen hans tok fyr, og er glad for at Volvo allereie har sett ned ein havarikommisjon for å få svar.

– Eg håpar det vert enklare å sove når eg får vite kva som skjedde, men eg trur eigentleg ikkje det vert det.