Til sjukehus etter brann

Ein semitrailer lasta med fleire tonn fiskefôr tok fyr ved utgangen av Fodnestunnelen på rv.5 i Sogn.

Trailer

FISKEFÔR: Semitraileren var lasta med fleire pallar fiskefôr.

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING

Den 19 år gamle sjåføren kom seg sjølv ut av den brennande semitraileren. Sjåføren blei sendt med ambulanse til sjukehus for sjekk.

Det var natt til laurdag at Vegtrafikksentralen fekk melding om brannen ved utgangen av Fodnestunnelen ved Fodnes ferjekai. Alle naudetane blei varsla.

Alarmsentralen i Florø opplyser at førarhytta var overtent då naudetatane kom fram til staden. Brannen spreidde seg vidare til hengaren som var lasta med seks tonn fiskefôr. Det var mykje røyk på staden, skriv politiet på Twitter.

– Det blir oppretta sak på hendinga. Målet er å finne årsaka til brannen. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen no, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Brannen gjorde at Fodnestunnelen var stengt i fleire timar. Ferja til Mannheller har difor gått inn til Lærdal i natt. Tunnelen er no open og ferja er tilbake i normal rute.

KART

STENGT: Fodnestunnelen på rv. 5 mellom Kaupanger og Lærdal var stengt i fleire timar.

Foto: KART