Hopp til innhold

Brannsjef: – Det verste vi kan vere med på

AURLAND (NRK): For andre gong på to år måtte brannvesenet kjempe mot ein brann i Gudvangatunnelen. Denne gongen fungerte derimot det som ikkje fungerte ved sist brann.

Bussbrannen i Gudvangatunnelen

NOK EIN GONG: Brannvesenet i Aurland fekk nok ein storaksjon i Gudvangatunnelen på E16. Foto: Heidi Lise Bakke

– Dette er det verste vi kan vere med på. Vi har jo hatt mange slike hendingar rundt her, og nok ein gong skjer noko slikt, så det er veldig spesielt. Men alle brannfolka som har vore med har gjort ein kjempejobb, seier brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen.

Den svenske turistbussen tok fyr om lag 400 meter inn i tunnelen frå Flåm-sida.

– Røyken kom rett mot oss

Reinhardt Sørensen

MÅTTE TREKKJE SEG UT: Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, seier det var forferdeleg å ikkje kunne nå fram til personane i tunnelen frå Flåm-sida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Då vi køyrde inn i tunnelen såg vi at det var full fyr i bussen. Vi prøvde å sløkkje, men røyken kom rett mot oss. Vi fekk snudd røyken sånn at den skulle komme på motsett side og då måtte vi trekkje oss ut, seier Sørensen.

– Det har falle ned mykje stein frå taket og det var mykje røyk, fortel han.

Klokka 15.30 var brannen sløkt. Fem personar vart sendt til Voss sjukehus der fire av personane, ei kvinne og tre menn, er alvorleg skadde.

Har blitt ein spesiell tunnel

Brannsjefen var røykdykkarleiar då det brann i Gudvangatunnelen for to år sidan. Også den gongen var det mange i tunnelen.

– Dette er blitt ein spesiell tunnel for oss. Vi har mange ulukker i denne tunnelen, ikkje berre brannar, men andre ting også, seier Sørensen.

Brannvesenet fekk tidleg vite at det var folk inne i tunnelen, medan det framleis brann.

– Det er det verste ein kan oppleve. Vi fekk høyre ei stund at det var fem personar igjen inne i tunnelen, men vi klarte ikkje å komme inn til dei fordi røyken var så tett, fortel Sørensen.

Takkar fungerande viftesystem og naudnett

Brannsjef i Voss, Daniel Skjerven, var på andre sida av tunnelen, ved Gudvangen. Også han fortel om store skadar inne i tunnelen.

– Det har ramla stein ned frå taket og leidningsnett har komme ned og ligg i vegbana. Slike ting veg fleire hundre kilo når dei dett ned. Så det er ikkje ufarleg å gjere ein slik innsats i ein tunnel når det brenn i ein buss, seier Skjerven.

Førre gong det brann i denne tunnelen fungerte ikkje viftesystemet. Det gjorde det derimot denne gongen.

– Det som har vore viktig i dag var at røyken vart ventilert ut kortaste retning, og det er ei viktig medverkande årsak til at det gjekk bra. Ei anna årsak er at vi tok i bruk naudsambandet vårt i dag og det gjorde til at vi hadde samband med dei som var inne i tunnelen. Det var forskjellen frå sist gong og i dag.