Turlag: – Fryktar vindkraft gir sår i naturen som aldri gror

Sogn og Fjordane turlag fryktar dei store utbyggingane av vindkraft vil gje krater i naturen som aldri lar seg fjerne. Dei seier nei til vindkraftplanar langs kysten.

Guleslettene i Flora og Bremanger

SÅR SOM ALDRI GROR: Sogn og Fjordane turlag fryktar at Guleslettene i Solund kan

Foto: Zephyr AS

– Vi er skeptiske til lovnadane frå NVE om at terrenget skal førast tilbake når dei i praksis ikkje sette krav om det slik som på Mehuken.

Sogn og Fjordane turlag trur ikkje på NVE sine lovnadar om at terrenget skal førast tilbake til naturen om vindkraftanlegg blir lagt ned.

(Saka held fram under bilete)

Alvar Melvær lyttar

TRUR IKKJE PÅ NVE: Alvar Melvær i Sogn og Fjordane turlag trur ikkje på lovnadane frå NVE om tilbakeføring av område.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Fjerna turbinar, men vegen vart att

Nyleg vart vindturbinar fjerna på fjellet Mehuken i Vågsøy for å erstatte dei med større turbinar i eit anna området på fjellet. Men likevel vart ikkje den fem meter breie grusvegen i flatt terreng som no er ein blindveg fjerna. Alvar Melvær er uroa og meiner saka har ei prinsipiell side.

– Dei har på ein måte skapt presedens. For på Mehuken var det første tilfellet eg kjenner til, der dei fjerna turbinar utan å byggje opp att.

Nyleg gav NVE konsesjon til å bygge vindkraftanlegg i Vågsvåg i Vågsøy og på Guleslettene på grensa mellom Bremanger og Flora. På Guleslettene er det planlagt heile 36,5 kilometer med vegar i det som er eit populært turområde. Her er det bert fjell og skråningar som gjer at anleggsmaskinene må sprenge seg fram, seier Melvær.

Umogeleg å tilbakeføre

Han meiner det er å føre bak lyset når NVE skriv i sin konsesjon at området etter vindkrafta kanskje forsvinn "at området skal førast tilbake til sin naturlege tilstand, så langt det er mogleg."

– Så skal det også byggast flate på om lag eit mål på kvar side av turbinen som og må sprengast og fyllast for å få det til. Så på Guleslettene er vegbygginga irreversibel, vil eg seie. Det vil ikkje vere mogeleg å føre tilbake terrenget på ein skikkeleg måte, seier Melvær.

Seksjonssjef I NVE, Arne Olsen, vedgår at Guleslettene aldri vil bli heilt det same, om Olje og energidepartementet held fast på NVE sitt konsesjonsvedtak.

Set av midlar for å kunne rydde opp

– Det vil jo vere praktisk umogeleg å føre tilbaketil opphavleg naturtilstand. Men det vi syt for i NVE er at det vert sett av midlar til slik at sikkerheit til å setje i verk fjerninga av turbinar, opprydding og istandsetting av området så langt det er råd.

Så det betyr at dei ikkje kan rekne med at området blir heilt slik det var, vil kunne vise att at det har vore aktivitet i området?

– Det er heilt naturleg at det blir slik. Så kan det vere i kommunen eller andre sine interesser å behalde vegane i området. Det er umogeleg å vite og spå i framtida.

Det er olje- og energidepartementet som skal avgjere om det skal komme nye vindkraftverk langs kysten fylket. Alvar Melvær og turlaget håpar dei får medhald i klagen.

– Det vi er mest opptekne av er konflikten med friluftslivet. Der blir store inngrep med vegbygging og støy og store vindturbinar. det blir ikkje eit naturområde lenger, det får meir preg av å vere eit industriområde.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.