Hopp til innhold

Ja til tre vindkraftverk - ikkje nokon god dag for naturen, seier turlagsleiar

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i dag gitt konsesjon til tre vindkraftverk i Flora, Bremanger og Vågsøy.

Guleslettene i Flora og Bremanger

HER KJEM DET VINDMØLLER: Guleslettene er eitt av tre område der NVE har gitt konsesjon til vindkraftverk.

Foto: Zephyr AS

Dei tre vindkraftverka er Guleslettene, som ligg dels i Flora og dels i Bremanger, Hennøy i Bremanger og Vågsvåg i Vågsøy. Til saman gir desse om lag 620 GWh i kraftproduksjon, det tilsvarar straumbruken til 30.000 husstandar.

NVE legg vekt på at det er gode vindtilhøve, og at områda er godt eigna for vindkraftproduksjon. NVE har og gitt konsesjon til ein 40 kilometer lang kraftleidning frå Hennøy og Magnhildskaret via Svelgen til Ålfoten.

Både Flora og Bremanger kommunestyre har sagt ja til planane på Guleslettene, Bremanger har sagt ja til Hennøy, og Vågsøy har sagt ja til Vågsvåg. Men Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremja motsegn mot Vågsvåg vindkraftverk.

Marino Ask

SVÆRT KRITISK: Leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag.

Foto: Privat

– Ikkje god dag for naturen

Også Sogn og Fjordane Turlag har vore sterkt imot vindkraftplanane. Leiar Marino Ask er seier at for natur- og friluftsinteressene er det eit stort tap at det no er gitt konsesjon.

– Det er ikkje nokon god dag for naturen i Sogn og Fjordane, det er det ikkje tvil om. Spesielt for Guleslettene med 40 turbinar i eitt av dei viktigaste friluftsområda og utfartsområda for Florø by og i randsona til Ålfoten landskapsvernområde kan ein tenkje seg til kva fylgjer det vil få.

Ask seier at det også er store konfliktar knytte til friluftsliv når det gjeld Vågsvåg vindkraftverk. Han er også kritisk til Hennøy.

– Når du legg eit industriområde i 500 høgdemeter i eit kvadratkilometer stort område er også det i konflikt med friluftsinteresser. Det er og ille for Vingen-feltet, som er noko av det mest verdfulle vi har av kulturminne.

Leiaren i Sogn og Fjordane Turlag meiner vindkraftverk heller burde ha vore lagt til område der det alt er utbygt, som til dømes Mongstad, og slett ikkje så høgt oppe i fjellet som det er snakk om på Guleslettene og Hennøy.