Hopp til innhold

Stor vindmøllepark er under planlegging i Flora og Bremanger

Eit digert vindkraftanlegg på Guleslettene i Bremanger og Flora vil bli konsesjonsøkt til sommaren.

Vindmøllepark

STORUBYGGING: Både kommune og grunneigarar er positive til storutbygging av vindmøller.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det er Vindkraftselskapet Zephyr som har planar om å bygge opp til 75 vindmøller, som kan levere straum til 25.000 bustader. Dagleg leiar Olav Rommetveit seier tilhøva i området er svært gode:

– Vi har hatt vindmålarar i området i to år og har registrert at staden kan bli ein veldig god vindressurs, seier Rommetveit til NRK.no.

Trur på konsesjon

Vindmølle

75: Det kan bli 75 slike vindmøller i Bremanger og Flora.

– Vi er veldig nøgde for at vi har blitt samde med grunneigarane om å søke konsesjon allereie til sommaren, seier Rommetveit.

Det er eit stort anlegg som verksemda Zephyr med base i Tønsberg no vil bygge ut på grensa mellom Flora og Bremanger.

Totalt snakkar ein om ein årleg middelproduksjon på vel 490 GWh. Vindparken vil kunne få mellom 35 og 75 vindturbinar alt etter kva type og storleik som vert valt ut. Totalt vil dette dekke årsforbruket til rundt 25.000 einebustader.

Også Fred Olsen har vore inne og meldt interesse for området, men no er det klart at det er Zephyr som går vidare. Rommetveit har god tru på at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil gi konsesjon.

– Grunneigarane støttar prosjektet. I tillegg har Bremanger kommune merka området i sin kommuneplan for vindkraft. Vi håpar på ei avklaring rundt prosjektet allereie i 2012, seier Rommetveit til NRK.no.

Vil gi 15 millionar i årlege inntekter

Kåre Olav Svarstad

POSITIV: Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Foto: Ingrid E. Haugen

Guleslettene ligg i hovudsak i Bremanger kommune men også delvis i Flora.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad (Ap), seier at ein totalt snakkar om milliardinvesteringar som berre for Bremanger vil kunne gi opp mot 15 millionar kroner i eigedomsskatt årleg.

– Det er snakk om eit veldig stort anlegg. Det vil bli mange millionar i eigedomsskatt, seier Svarstad til NRK.no.

Dette er berre eitt av tre førehandsmeldte vindkraftprosjekt i Bremanger; også på Marafjellet ved Hennøy og på Bremangerfjellet er det kome førehandsmeldingar til NVE.

– Det kan gi politikarane i Bremanger håp om endå større inntekter, men ein stad går også grensa, seier Svarstad.