Seier ja til 48 nye vindmøller

Eit klart fleirtal i Florø bystyre sa tysdag kveld ja til vindkraftutbygging på Guleslettene.

Vindmøllene stod stille i vinden

EIT STEG NÆRMARE: Flora seier ja, Bremanger behandlar saka i neste veke. Illustrasjonsfoto

Foto: Bjarne Eldevik/NRK

Selskapet Guleslettene Vindkraft AS ønskjer å byggje ut 48 vindturbinar i området som ligg på kommunegrensa til Flora og Bremanger.

Grunneigarane i Botnane og Sørgulen er positive til planane og har inngått avtale med utbyggjar. Men motstanden har den siste tida vore stor og godt synleg i lokalpressa.

I går kveld vedtok Flora bystyret å gi løyve til Guleslettene Vindkraft med 22 mot 13 røyster, blant dei ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

I neste veke skal kommunestyret i Bremanger ta stilling til saka. Dei kan kan komme til å krevje ein betre avtale med kraftselskapet, før dei seier ja til planane.

For då saka var oppe i formannskapet tysdag, var signala at politikarane vil seie ja til planane, men at dei krev nye forhandlingar, skriv Bergens Tidende.