Seier nei til hurtigladar etter prissjokk

ASKVOLL (NRK): To millionar kroner må Terje Bjaanes punge ut med for å få opp to hurtigladarar ved bensinstasjonen sin i Askvoll. No legg han byggeplanane på is.

Terje Bjaanes står ved bensinstasjonen hans i Askvoll

PÅ VENT: Terje Bjaanes frå Askvoll har lagt planane om hurtiglading på vent, etter at han rekna ut at kostnaden kom på rundt to millionar kroner.

Foto: Eirik Johnsen

– Eg hadde aldri trudd det skulle bli så dyrt.

I fleire år har bensinstasjonseigar Terje Bjaanes jobba for å bli ein del av det grøne skiftet. I dag finst det ingen hurtigladestasjon i Askvoll ved kysten av Sogn og Fjordane, men det kan framleis bli lenge til.

Etter at Bjaanes rekna på prisen, har han utsett byggeplanane på ubestemt tid.

– Eg hadde eit håp om at kalkylane skulle fortelje meg at vi kunne bygge, trass i dei høge kostnadane. Men slik gjekk det ikkje.

For å bygge måtte dei samla utgiftene vore rundt det halve, seier han. Det vil seie ein million kroner.

Område ved bensinstasjonen i Askvoll

INGEN HURTIGLADING: Her skulle bygginga av hurtiglading starta i Askvoll i juli. Men planane er sett på vent.

Foto: Eirik Johnsen

Ein av dei største enkeltutgiftene er framføring av straum, som aleine kostar over 700.000 kroner. I tillegg kjem betydelege utgifter til ladepunkt, kabling til huset og oppstillingsplass. I alt rundt to millionar kroner.

– Det er skuffande at eg ikkje får fullført planane slik eg hadde tenkt, seier Bjaanes.

Stort behov

Ifølge Norsk elbilforening er det behov for 8000 hurtigladestasjonar innan 2025, for å halde tritt med elbilsalet. I dag er det 1700 hurtigladarar, noko foreininga meiner er alt for lite.

Christina Bu

STORT BEHOV: Christina Bu i Norsk Elbilforening meiner det hastar å bygge fleire ladestasjonar.

Foto: Aksel Jermstad/Norsk elbilforening

– Vi heng langt etter. Nesten 50 prosent av nybilsalet er elbilar. I løpet av få år skal alt av nybilsalet vere elbilar. Vi må doble utbyggingstakten av hurtigladarar dersom vi skal klare å henge med på utviklinga, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening.

Ho er kjent med at fleire som ønsker å investere slit med høge kostnadar og etterlyser betre støtteordningar.

I rapporten kjem det også fram at 86 prosent av elbilistane har opplevd å stå i ladekø. Rundt 25 prosent av elbilistane oppgir at mangel på hurtigladarar er den største utfordringa.

Hurtiglading på Danmarks plass i Bergen

FOR FÅ HURTIGLADARAR: Norsk Elbilforening meiner det er behov for 8000 hurtigladestasjonar innan 2025.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden

– Vi veit at dette er ein av dei største barrierane. Når folk blir spurt om kvifor dei ikkje planlegg å kjøpe elbil, så er mangel på hurtigladestasjonar ein viktig faktor. Vi må ha hurtigladestasjonar i distrikta dersom vi skal få til måla Stortinget har sett, seier Bu.

Lite lønnsemd

Tore Karlsen er dagleg leiar på ein bensinstasjon ved E39 på Vassenden i Jølster. Han valde å bygge ut ein hurtigladar allereie for fem år sidan og hadde straum lett tilgjengeleg.

Dagleg leiar ved YX Jølstraholmen

LITE PENGAR Å TENE: Dagleg leiar ved YX Jølstraholmen, Tore Karlsen, seier det er lite pengar å tene på hurtiglading, slik systemet er i dag.

Foto: privat

Trass i at det til tider er mykje trafikk her, oppdaga han at det er lite pengar å tene på sjølve drifta.

– Det er ikkje mykje. Dersom ein trekk frå straumen og diverse utgifter til vedlikehald, så går det i null.

Han har forståing for at Terje Bjaanes i Askvoll vegrar seg for å bygge ut.

– Det forstår eg veldig godt. Det er urimeleg at dei som eig området både skal stå for utgiftene med å sette opp stasjonen, og så oppdage at ein kanskje ikkje får noko etterpå.

Han ser for seg eit system der eigaren kan stille areal tilgjengeleg og at andre, større aktørar, tek ein større del av risikoen.

Slår skeivt ut

Hos Circle K Norge er det kjeda som tek investeringskostnaden ved bygging av hurtigladarar. I dag har kjeda 260 ladarar fordelt på 65 stasjonar. Dei neste to åra planlegg dei ein firedobling av ladarar.

Snorre Skeie, direktør, Circle K

STOR TRAFIKK: Nettverksdirektør Snorre Skeie i Circle K Norge seier det løner seg langt meir å bygge ut hurtigladarar der det er mykje trafikk.

Foto: Fotograf Johnny Syversen / Fotograf Johnny Syversen

Nettverksdirektør Snorre Skeie seier det må vere eit tilstrekkeleg trafikkgrunnlag for at det skal løne seg å bygge ut.

– Ein er avhengig av trafikk og omsetning for å få avkastning på investeringa, seier han.

Store kostnadar rundt framføring av straum er kjeda godt kjent med.

– Det er ei problemstilling som alle som driv på denne marknaden kjenner til. Denne kostnaden kan variere veldig frå stad til stad.

Slik systemet er i dag løner det seg langt meir å bygge ut der det er mykje trafikk.

– Vi har vald å ikkje bygge ut ladarar på stasjonar der trafikken er liten og kostnaden rundt å bygge anlegg er for stor.

For å få til bygging på stadar med mindre trafikk og høge kostnader, etterlyser han eit spleiselag der nettverksselskap, vegstyremaktene og kjedene bidreg i større grad.

– Dei neste åra skjer det mykje på kort tid. Vi er i ferd med å bygge landet på nytt. I den dugnaden må alle bidra litt, seier Skeie.

Etterlyser meir støtte

Organisasjonen Virke meiner Bjaanes si sak er eit godt eksempel på at det er for store økonomiske barrierar for den som vil bygge ut ladestasjonar i dag.

– Vi blir bekymra når bensinstasjonar i distrikta melder tilbake at kostnader ved å etablere eit framtidig energitilbod er så høge, seier Iman Winkelman i Virke.

Han etterlyser meir statleg støtte.

– Det er jo myndigheitene som har bede om ei endring i bilpolitikken, i retning av køyretøy med mindre utslepp. Då er det viktig at også staten tek eit ansvar for at den infrastrukturen som er nødvendig kjem på plass, seier han.

Gir støtte

Terje Bjaanes har søkt, og fått, støtte frå Enova på 200.000 kroner pr. ladestasjon. Men det dekker berre ein liten del av kostnaden.

Eiliv Flakne, kommunikasjonssjef i Enova

GIR STØTTE: Kommunikasjonssjef Eiliv Flakne seier Enova kan gi inntil 200 000 kroner i støtte til hurtigladestasjon.

Foto: LASSE BERRE

Kommunikasjonssjef Eiliv Flakne i Enova seier det er avgrensa kor mykje dei kan gi i støtte.

– Vi er omfatta av statsstøtteregelverket. I det tilfellet her kan vi støtte ein hurtigladar med 200.000 kroner. Det kostar å bygge slike stasjonar, og så er det litt opp til den enkelte kor høg risiko ein ønsker å ta, seier Flakne.

Dei neste to år kjem Enova til å legge om støtteordninga, der ein i større grad satsar på å bygge ut tilbodet i ulike regionar. Først ut er Nord-Troms og Finnmark.

Askvoll ligg på kysten i Sogn og Fjordane.