Hopp til innhold

Seier nei til ferjefritt E39

Naturvernforbundet går no ut mot eit ferjefritt E39 på Vestlandet.

Ferjefri E39

NEI: Naturvernforbundet meiner regjeringa er sjølvmotseiande i saka om ferjefri E39.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane

- Vi meiner det vil stride mot vedtekne klimamål, seier leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken til nationen.no .

- Sjølvmotseiande regjering

Lars Haltbrekken

VIL KJEMPE: Leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken seier dei vil jobbe mot eit ferjefritt E39.

Foto: Kjell Herskedal / SCANPIX

Til NRK Sogn og Fjordane seier Haltbrekken at dei meiner regjeringa er sjølvmotseiande om dei går for eit ferjefritt E39.

- Regjeringa stiller krav for å få ned biltrafikken, medan dei samstundes godkjenner ein plan som nettopp vil auke den, seier leiaren.

Det har lenge vore arbeidd for at europavegen på vestlandet skal bli ferjefri, og saka har vore oppe til diskusjon gjentekne gonger.

Frå Kristiansand til Trondheim

Marit Arnstad

MÅ LESE BREV: Samferdsleminister MArit Arnstad (Sp) har fått brev frå Naturevernforbundet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er Statens vegvesen som har arbeidd med prosjektet som skal greie ut kva for potensial ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar.

Prosjektet gjeld for E39 mellom Kristiansand og Trondheim og svært mange kommunar vert involvert i prosjektet.

Naturvernforbundet har sendt eit brev til Samferdsleminister Marit Arnstad (Sp) og til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV).

Nektar store naturingrep

Bård Vegar Solhjell

FÅR KRITISKE SPØRSMÅL: miljøvernminister Bård Vegar Solhjell får kritiske spørsmål frå Naturvernforbundet om eit ferjefritt E39.

Foto: David Vojislav Krekling

- Vi vil jobbe aktivt for å få stoppa desse planane og vil prøve å påverke der vi kan. Vi meiner denne saka er svært viktig og at politikarane må endre meining, seier Haltbrekken.

Det vil innbere store naturinngrep i til dels viktige naturområder. Og det vil føre til auka klimagassutslipp.
Heller satse på opprustning av vegane der det trengst og gjere vegane rassikre.

- Dette er store investeringar og det vil utan tvil auke forureininga.

(Saka held fram under faktaboksen)

Har tru på endring

- Har de tru på at de vil få gjennomslag i denne saka?

- Det er ikkje første gongen det er føreslege ferjefrie vegar og vi har tidlegare klart å få vridd pengebruken, seier Haltbrekken.

- Mange gler seg til eventuell ferjefri veg fordi dei meiner dei vil spare tid, er du ikkje samd i det?

- Vi ser no at nokre av reknestykka som er lagt fram med tanke på tidsbruken ikkje stemmer og at dei har feil grunnlag. Då vil jo også tala bli feil, og vi meiner det ikkje er gode nok argument for å bruke så mykje pengar på noko som øydelegg så mykje i naturen.

Video Krev ferjefri E39 som kampsak nummer ein
Foto: Nyhetsspiller