Hopp til innhold

Ueinige om ferjefri fjord

Møre og Romsdal er eit steg nærare ferjefri forbindelse langs E39. I dag vart alternativa for å krysse Halsafjorden lagt fram, men Halsa og Tingvoll kommune er ikkje einige om kva for alternativ som er best.

Halsafjordsambandet Kristin sørheim

Ei ferjefri kryssing av fjorden står høgt på ønskjelista for både Halsa og Tingvoll kommune.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kristin Sørheim styrelder halsafjordsambandet AS

Kristin Sørheim, styreleiar ved Halsafjordsambandet AS.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ei ferjefri kryssing av fjorden står høgt på ønskjelista for både Halsa og Tingvoll kommune. I dag inviterte dei til pressekonferanse om bord på ferjesambandet Halsa-Kanestraum.

– Gladmeldinga er at vi har en ferdig kommunedelplan som no kan leggjast ut på høyring. Dermed har vi komme så langt i arbeidet at vi er i posisjon til å få løyvinga i neste Nasjonal Transportplan, seier Kristin Sørheim, styreleiar ved Halsafjordsambandet AS.

LES OGSÅ: Innstilling av ferje gir konsekvenser

Fleire alternativ

Fleire alternativ til kryssing over Halsafjorden blei presentert i dag. Det er staten som avgjere saka, og det er også dei som skal velje mellom hengebru, undersjøisk tunnel eller behalde ferja.

– Staten vil ta si avgjerd om kva for konseptval dei vil ha over Halsafjorden før jul, trur vi. Då vil Stortinget våren 2013 plassere desse prosjekta inn på Nasjonal Transportplan, og oppgi når det skal gjennomførast og kor mykje det skal koste, fortel styreleiaren.

Ueinige kommunar

Ordfører tingvoll Peder Hanem aasprong

– Det vil vere av stor betydning for Tingvoll å kome seg ferjefritt til Trondheim, seier Peder Hanem Aasprang (Sp).

Foto: Roar Strøm / NRK
Ordfører Halsa Ola Rognskog

– Vi ønskjer kortare og tettare tilknyting til regionbyane våre, Kristiansund og Molde, fortel ordføraren i Halsa kommune.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kommunane er ueinige om kva for alternativ som er best. Halsa ønskjer undersjøisk tunnel, medan Tingvoll vil ha hengebru. Tunnelalternativet er billigast.

– Fylket har gått sterkt inn for en undersjøisk tunnel, og det er eit sterkt signal til departementet som skal avgjere det heile. Viss staten vil ha tunnelalternativet vil Tingvoll kommune gå med på det, seier Peder Hanem Aasprang (Sp), ordførar i Tingvoll kommune.

Aasprong meiner at satsinga vil vere av stor betydning for Tingvoll kommune, og at det er viktig for innbyggjarane å kome seg ferjefritt til Trondheim.

LES OGSÅ:

Viktig for Halsa

Ordføraren i Halsa kommune, Ola Rognskog (Sp), meiner at det er veldig viktig for Halsa å få ein ferjefri E39.

– Vi ønskjer kortare og tettare tilknyting til regionbyane våre, Kristiansund og Molde. Dette vil vere den beste måten å oppnå dette på, seier ordføraren i Halsa og legg til.

– Tingvoll og Halsa har fornuftige politikarar som eg har tillit til, så eg trur at dei vil kome fram til ei løysing som alle vil bli nøgde med.

Halsafjordsambandet

Slik ser dei ulike alternativa for Halsafjorden ut.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL