I dag må vegfarande nytte seg av ferjesambandet Hella–Dragsvik om dei skal over fjordarmen om lag midt på Sognefjorden.
Men kommunane på begge sider av Fjærlandsfjorden, Balestrand og Leikanger, har bede Statens vegvesen vurdere kostnadene for ei ferjefri fjordkryssing, skriv Sogn Avis.
– Det kan sikkert tenkast mange andre løysingar, men ikkje som gir kortare bru. Truleg blir det heller ikkje rimelegare, meiner sjefsingeniør i Statens vegvesen, Olav Svangstu, til NRK.no.
– Politisk spørsmål
I tillegg til bru og tunnel, skriv avisa at landbru frå Veganeset med kopling til rundkøyringa på Dragsvik må til for å få til brukoplinga på riksveg 55. Brua vil komme inn over land i ei høgd på 55 meter.
Svangstu vil ikkje vurdere realiteten i planane.
– Det er eit politisk spørsmål, seier han til NRK.no.
Meir ferjefri
Ferjefri kryssing av fjordar er i vinden som aldri før i Sogn og Fjordane. Også i ytre delar av Sogn er det ynskjeleg med bru over Sognefjorden.
- LES OGSÅ: Slik kan brua over Sognefjorden bli
- LES OGSÅ: Vil ha ferjefri E39 via Solund
I Fjaler og Askvoll er dei allereie i gang med sambandet over Dalsfjorden, medan ferjefri fjordkryssing er ynskt i indre, midtre og ytre Nordfjord.
I Nordfjord er det indre og midtre alternativ til ferjefri E39 over Nordfjorden, medan
.- LES OGSÅ: Her er alternativa til ferjefri E39