Hopp til innhold

Seier ja til Vestlandsregion

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane rår politikarane til å seie ja til å slå seg saman med Hordaland og Rogaland.

Tore Eriksen fylkesrådmann

JA: Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner det vil vere positivt for Sogn og Fjordane å bli del av ein større Vestlandsregion. Seier Rogaland nei vil han slå seg saman med Hordaland og Møre og Romsdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg trur det vil gagne Vestlandet og fylket vårt at vi får tilført oppgåver og utfordringar vi per i dag ikkje har. Vi treng det for å utvikle fylket og regionen for å vere ein ung og nødvendig motvekt mot maktkonsentrasjonen i Oslo, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Komande veke møtest politikarane på fylkestinget for å diskutere om dei landar på same synspunkt som fylkesrådmannen meiner er best. Diskusjonen om Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland skal bli ein felles storregion har rasa siste året, og meiningane er delte.

Delte meiningar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane landa tidlegare i veka på ja, medan kollegaene i dei andre fylka seier nei. I dag la også fylkesrådmannen i Rogaland fram si tilråding. Han ber politikarane seie nei:

«Fordi den framtidige oppgaveporteføljen for det regionale, folkevalgte nivået fortsatt er uavklart, vil det etter fylkesrådmannens vurdering ikke være faglig forsvarlig å foreta et valg av Rogalands framtidige plassering i en ny regionstruktur på nåværende tidspunkt» skriver han i sin innstilling til fylkesutvalget 6. desember.»

Tore Eriksen meiner på si side at det kunne vore ein fordel å ha oppgåvene klare, men at reforma ikkje avheng av det.

– Det vart prøvd tidlegare med ei forvaltingsreform i 2010, der ein la oppgåvene først og geografien skulle kome etterpå, men det havarerte. Med kommunestrukturen frå 50-talet teikna ein først strukturen, så fylte ein på med oppgåver, seier han.

Lanserer andre alternativ

Trass i den positive tilrådinga som Eriksen legg fram for politikarane, er det fleire punkt som må vere på plass. Ein føresetnad er mellom anna at det blir ein nasjonal reform, der talet på fylkeskommunar bli mange færre.

– Då er mi tilråding positiv.

Skepsisen til den nye regionen er stor i fleire leiarar, og spesielt i Rogaland har både innbyggjarar og politikarar uttrykt uro. Mykje tyder likevel på at fylkespolitikarane i Rogaland landar på ja, men ingenting er sikkert. Og fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane har teke høgde for planane kan strande grunna eit nei frå Rogaland. Som eit andre alternativ går fylkesrådmannen inn for at ein kan søkje samanslåing med berre Hordaland og eventuelt Møre og Romsdal. I så tilfelle må forhandlingane vere avslutta i januar 2017.