Hopp til innhold

Nynorskregionen engasjerer

Nesten 80 prosent av høyringssvara til Vestlandsregion-fylka har handla om nynorsk. Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag merkar det store engasjementet.

Magne Aasbrenn

MERKAR ENGASJEMENTET: Sidan slutten av oktober har alle kunna komma med innspel til Vestlandsregionen. Magne Aasbrenn ser at språkspørsmålet engasjerer i regionssaka.

Foto: Magnus Brenna-Lund/NRK

– Dette treffer folk rett i hjarta. Eg trur politikarane blei overraska over kor mykje språk betyr for folk i regionssaka, seier Magne Aasbrenn.

Mange reagerte då fylkesordføraren i Rogaland sa at nynorsk ville vera eit unaturleg val for Rogaland. No seier vestlendingane kva dei meiner, og foreløpig viser tala noko anna.

104 av 136 høyringssvar handlar om at Vestlandsregionen må ha nynorsk administrasjonsspråk og språk frå staten.

Dei tre Vestlandsregion-fylka har høyringsfrist denne månaden. Sogn og Fjordane er først ut, med frist 23. november.

– No håpar eg verkeleg at folk i Sogn og Fjordane seier tydeleg ifrå om at me ikkje går med på ein region utan nynorsk.

Mange privatpersonar

Aasbrenn har allereie merka eit stort engasjement. Han er ofte innom fylkeskommunane sine nettsider for tida.

– Veldig mange av dei som har sendt inn innspel er privatpersonar som kjem med hjartesukka sine.

Aasbrenn meiner at det å skriva eit høyringssvar ikkje treng å ta så mykje tid, og at nokre av svara nærmast ser ut som dei er sendt på SMS.

– Eg synest det er ein styrke at høyringssvara ikkje er så polerte. Ein kan uttrykka seg på ein akademisk måte, men det har like mykje verdi om ein uttrykker seg rett frå levra.

Vil halda på nynorsken

Lillian Skorpeide

FOR SPRÅKNØYTRALITET: Lillian Skorpeide meiner at språket i ein Vestlandsregion må vera nøytralt.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Lillian Skorpeide har ikkje sendt inn høyringssvar, men ho meiner at ein Vestlandsregion må vera språknøytral.

– Det blir vanskeleg å gå frå bokmål til nynorsk, eller frå nynorsk til bokmål.

Aud Holt meiner at ein må velja nynorsk, men ho meiner at det heile går for fort.

– Det går over stokk og stein. Det er om å gjera å få det banka igjennom, så får dei ta problema etterpå.

Liv Irene Helleseth

FOR NYNORSK: Liv Irene Helleseth meiner at ein Vestlandsregion må ha nynorsk som administrasjonsspråk og språk frå staten.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Liv Irene Helleseth er også klar på kva språk ein bør gå for.

– Me bur i eit nynorskfylke, og eg synest at me skal halda fram med det.

Oppfordrar til handling

Mållaget oppfordrar fylkeslaga og lokallaga sine, samt privatpersonar til å senda inn høyringssvar. Privatpersonar prøver dei blant anna å nå med Facebook-sida Nynorskregionen.

Aasbrenn seier at Noregs Mållag har kome med forslag til kva ein kan ha med i høyringssvara, men at det er endå betre om folk tar ordet sjølv.

Vestlandsregionen skal behandlast i fylkestinga framover. Aasbrenn fortel at mållaget har god kontakt med fylkesordførarane, og at han skal treffa fylkesordføraren i Sogn og Fjordane før avstemmingane.

– Sogn og Fjordane er først ut den 6. desember. Då håper me at Sogn og Fjordane set nynorsk administrasjonsspråk og språk frå staten som eit vilkår, og får det i vedtaksform.