NRK Meny
Normal

Sponheim: – Vestlandsregionen er problematisk

Statens mann i Hordaland er som kollegaen i Rogaland svært skeptisk til ein ny storregion på Vestlandet.

Lars Sponheim og det nye kommunekartet

SKEPTISK TIL STORLEIKEN: «Ved etablering av ein slik region vil det kunne oppstår betydelege forskjellar mellom regionane i landet», skriv Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland, om Vestlandsregionen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Medan fylkesmannen i Sogn og Fjordane er positiv til samanslåing med Rogaland og Hordaland, er fylkesmennene i dei to sørlegaste fylka negative.

Torsdag kom fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i Rogaland med si høyringsfråsegn, der ho slår fast at det er best at Rogaland held fram åleine, eller eventuelt blir tilført kommunar slik at grensene blir samanfallande med Sør-Vest politidistrikt.

Måndag har også fylkesmannen i Hordaland, Lars Sponheim, sendt si høyringsfråsegn til fylkeskommunen om regionreforma. Der trekker han fram fleire problematiske sider ved den nye regionen.

Sponheim viser for det første til regjeringas ønske om ti regionar i Noreg, og «meiner at ein Vestlandsregion beståande av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er problematisk når det gjeld desse føresetnadene», fordi «det vil gi stor regional ubalanse mellom små og store regionar i landet, som gjer det vanskeleg å overføre oppgåver frå staten til nye folkevalde regionar».

Fylker

SAMANSLÅING: Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kan bli slått saman til ein Vestlandsregion.

Foto: Fjord Norge/Ut.no/Scanpix

– Kan ikkje få same oppgåver frå staten

«Fylkesmannen vil ikkje ta konkret standpunkt til etablering av Vestlandsregionen (...), men vil peike på at ved etablering av ein slik region vil det kunne oppstår betydelege forskjellar mellom regionane i landet. Slik det no ser ut vert det diskutert ein Vestlandsregion (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane), ein region Viken (Østfold, Akershus, og Buskerud) og ein region Skagerak (Vestfold og Telemark)».

«I tillegg er det beslutta samanslåing av Trøndelag-fylka og drøfta det same for Agder-fylka. Det kan vanskeleg sjåast at det i ein slik situasjon kan overførast dei same oppgåvene frå staten til alle regionane når ulikskapen mellom regionane er såpass betydelege», skriv Sponheim.

Han meiner også Vestlandsregionen, som vil innehalda 85 kommunar med dagens struktur, kan bli så stor at det blir behov for fleire distriktskontor hjå Fylkesmannen, og at det kan bli vanskeleg å driva strategisk samfunnsutvikling:

Det er «vanskeleg å sjå at ei såpass stor eining som Vestlandsregionen skal lukkast betre enn dei einskilde fylkeskommunane når det gjeld å handtere og praktisere det kanskje viktigaste regionale samfunnsutviklingsinstrumentet, dvs. regional planlegging», skriv Sponheim.

Vil ikkje kommentera

I høyringsfråsegna tar også Sponheim tydeleg standpunkt for nynorsk som administrasjonsspråk:

«Det vil vera både prinsipp-, kultur- og historielaust å ikkje fastsetje nynorsk som offisielt målføre for ein eventuell ny region», skriv han.

NRK har bede Lars Sponheim utdjupa synspunkta sine på regionreforma på Vestlandet, men han vil ikkje kommentera saka utover høyringsfråsegna.

– Eg har ikkje behov for å utdjupa noko meir. Du får sitera høyringsfråsegna, seier Sponheim.

Heller ikkje assisterande fylkesmann Rune Fjeld vil uttala seg.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.