Hopp til innhold

Politikar-fleirtal positive til vestlandsregion

Fleirtalet i fylkestinget i Rogaland er positive til samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Dårlig oppmøte utenfor fylkeshuset

ROGALAND FYLKESKOMMUNE: Det er inne i dette bygget politikarane i Rogaland i desember skal ta stilling til om dei vil bli del av ein vestlandsregion eller ikkje.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Av partia som er representert i fylkestinget i Rogaland så opplyser Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti at dei er positive til

Marianne Chesak

Fylkesvaraordførar, Marianne Chesak, frå Rogaland Arbeidarparti er positiv til ein vestlandsregion.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

intensjonsavtalen om ein vestlandsregion. Det kjem fram i ein ringerunde NRK har gjort.

Dermed ligg det nå an til at det blir fleirtal for samanslåing, 26 av 47 representantar er positive, trass i at fleirtalet av innbyggarane i alle tre fylka er negative til storregion.

– Me seier ja med atterhald om at premissane i intensjonsavtalen blir innfridd. Det vil sei at det må koma nye og tyngre oppgåver i tillegg til at regionen får behalda kjerneoppdraga som den har i dag, seier Marianne Chesak frå Arbeidarpartiet til NRK.

Ventar på innbyggjarundersøking

Framstegspartiet sin leiar i fylket, Anita Egeli, seier at ho tidlegare har blitt feilsitert på at dei er negative til intensjonsavtalen, men gjer det klart at dei åtte representantane frå partiet hennar er positive.

Janne Johnsen på Sunnfjord hotell

Gruppeleiar i Rogaland Høgre, Janne Johnsen, er kritisk til ny vestlandsregion, men vil først sjå på innbyggjarundersøkinga.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Me har eit vedtak frå fylkesårsmøte som seier at me skal gå for ein vestlandsregion. Dette vedtake var samrøystes i februar. Så ja, me er for, seier Egeli.

Ingen av fylkeslagsleiarane vil likevel ikkje slå fast kva dei vil stemma når saka skal opp i fylkestinget 13. og 14. desember. Dei vil ta med innbyggjarundersøkinga og høyringsrunden i totalvurderinga.

Dette gjeld også for dei som er negative til intensjonsavtalen.

– Fylkesstyret i Rogaland Høgre er i utgangspunktet negative til ein vestlandsregion. Me meiner det må tilførast oppgåver av stort omfang før Rogaland blir for lite. Den endelege avgjersla tek me likevel i fylkestinget i desember, seier Janne Johnsen, som er leiar i Rogaland Høgre.

Tre timar vestlandssending

Vestlandet kan bli et av de nye fylkene i Norge. Et forslag til avtale som gjør Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til historie er forhandlet frem og debatten er i gang. Men finnes det en felles vestlandsidentitet? NRKs avdelinger i de tre fylkene går sammen for å forsøke å finne svaret.

NRK køyrde tre timar vestlandssending onsdag ettermiddag. Her kan du sjå sendinga.