Hopp til innhold

Saumfór verdas lengste vegtunnel etter dumpa kattar

– Når du får melding om at nokon har funne ein kattunge i ein tunnel, så går alle alarmar hos oss. Det er sjeldan at ein katt blir dumpa åleine.

Leita etter kattungar i verdas lengste vegtunnel

LEITA: I tre timar leitte Dyrevernlaget i Indre Sogn etter fleire dumpa kattar Lærdalstunnelen. – Heldigvis fann vi ikkje fleire, og heller ikkje posar eller kasser som skulle indikere at det var fleire, seier Grethe Jevnaker.

Foto: Synne Asheim Haga / Porten.no

Det seier Grethe Jevnaker, nestleiar i Dyrevernlaget i Indre Sogn.

Like før midnatt søndag kveld varsla ein bilist om kattungen som var funnen midt i 24 kilometer lange Lærdalstunnelen. Det var starten på ein tre timar lang leiteaksjon.

– Vi tenkte at det måtte vere fleire, så det var ikkje noko å lure på. Vi rykte ut, fortel Jevnaker.

Saumfór tunnel

Kattunge funnen i Lærdalstunnelen

FUNNEN: Bilføraren trudde det først var ein fugl som sat på gulstripa midt i Lærdalstunnelen. – Ho tykte det var rart at den hadde kome så langt inn i tunnelen. Då ho kom nærare såg ho det var ein kattunge, fortel Grethe Jevnaker.

Foto: Privat

Det var Porten.no som først fortalde om leiteaksjonen i verdas lengste vegtunnel. Saman med son sin og leiar Randi Aarethun i Dyrevernlaget, søkte Jevnaker etter fleire kattar. I tillegg søkte frivillige i kring halvannan time.

I 03-tida konstaterte Dyrevernlaget at det ikkje var fleire kattar i tunnelen.

– Vi køyrde seint gjennom tunnelen, stogga på alle lommar og saumfór alle moglege stader der ein liten kattunge kan gøyme seg. Heldigvis fann vi ingen, verken levande eller daude, fortel Jevnaker til NRK.

Fleire dumpa kattar

– Ein blir veldig frustrert, lei seg og rasande når ein høyrer slikt. Det er vanskeleg å forstå at nokon kan gjere slikt mot eit uskuldig lite vesen, held Jevnaker fram og kjenner seg trygg på at katten var plassert der for å døy.

– Den har ikkje gått inn dit åleine, men er overlaten til seg sjølv for å døy, seier ho.

Aarethun i Dyrevernlaget fortel til porten.no at det ikkje er første meldinga i år om dumpa kattar. Sidan i vår er det snakk om nær ti kattar i Sogn. Ikkje alle var i live.

Dumpa i tunnelar

Tidlegare i sommar bad dyrlege Hanne Husebø Kristensen om krav til ID-merking av kattar etter at levande kattungar vart funnen dumpa i bosskonteinar i Flora.

Det er heller ikkje første gang at det er leiteaksjon i tunnelar etter dumpa kattar. I 2007 vart ein dumpa kattunge funnen i Lotetunnelen i Eid. To år seinare fann Dyrevernlaget to daude kattar i Gudvangatunnelen. I 2010 vart ein katt redda ut frå same tunnelen i live.

– Når ein lét etter seg ein kattunge inne i ein tunnel, så vil ikkje ein at den skal bli funnen, seier Jevnaker til porten.no.

– Kastrasjon og chip

Katten som vart funnen i Lærdalstunnelen har fått mellombels heim hos finnaren.

– Det er ufatteleg at folk får seg til å gjere slikt med eit levande vesen. Berre tenk kor redd den har vore med all støy frå trafikken som susa forbi, seier Jevnaker og innstendig ber katteeigarar kastrere og chippe kattane sine.

– Hadde vi visst kven eigaren av denne katten er, så kunne vi meldt det, avsluttar ho.