Hopp til innhold

Tok kjendiskatten heim

Katten Jarlaug er omdøypt og har fått trygg heim etter vill ferd i tunnel.

Jarlaug

LIVREDD: Før Jarlaug fekk ein heim å gå til var ho livredd og vill.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Jarlaug

STOPPA TRAFIKKEN: Vegvesenet ville stoppe trafikken då Jarlaug var på ferde i Gudvangatunnelen.

Foto: privat

I november var det minuttar før E16 vart stengd fordi ein villkatt var observert i Gudvangatunnelen.

Katten vart funnen rett før tunnelen vart stengd, men den var heilt spinnvill.

I dag har katten fått eit heilt nytt liv saman med eigar Cecilie Holst.

Vart huskatt

Hos Holst har ho vore sidan måndag, då ho gjorde villkatten til huskatt.

Og når dei to er aleine tek katten det veldig med ro, fortel den ferske katteeigaren.

– Eg er veldig takknemleg for at ho viser såpass mykje tillit, seier Holst.

Det er ganske annleis enn korleis katten var den 11.november.

Då var Vegvesenet klare til å stenga ferdselsåra mellom Oslo og Bergen for å leita etter katten i tunnelen.

Video Tunnelkatt vert huskatt

SJÅ TV-REPORTASJE: Tunnelkatt blir huskatt.

Livredd

Alle dei store mediene slo katteleitinga svært opp, og to vegarbeidarar redda katten rett før vegstenging. Då vart den vart sendt til veterinærvakta i Lærdal.


Livredd alt som heitte folk forserte katten eit datatastuatur og klyvde opp ei gardin hos veterinærvakta.

Men til slutt fekk veterinæren fanga og sterilisert den for å sende den til Årdal. Der fekk ho namnet Jarlaug og ein stall til mellombels kattebupæl.

Kjendiskatt

KOST OG LOSJI: I stallen i Årdal fekk Jarlaug gode buforhold.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

– Eg er så glad for at ho er redda, det er kjempeflott, seier Randi Aarethun i Indre Sogn dyrevernlag.

Tykte synd i katten

Med selskap av ein hest og katten «Pus», ein svær hannkatt som har budd i stallen i fleire år, fekk Jarlaug komme til hektene att, fortel Hilde Mørkrid i dyrevernlaget.

– Ho hadde eit bur som ho bare åpna døra på, og kunne kunne gå ut når ho ville. Vi gav ho mat og vatn, og la flis på golvet til do, seier Mørkrid.

Randi Aarethun og Hilde Mørkrid

JUBLAR: Randi Aarethun og Hilde Mørkrid i Indre Sogn dyrevernlag er kjempeglade for at Jarlaug fekk ein ny heim.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK


Cecilie Holst tykte synd i Jarlaug, og brukte tida om kveldane med katten.

– Eg selde hesten på samme tidspunkt, så eg har litt ledig tid på kveldane. Eg tenkte eg kunne bruke den til å gjere ho litt folkevand, seier Holst.

Ifølgje Holst var det slik det starta.

– Ho satt inne kvar kveld i 14 dagar, og då ho endeleg turde å komme fram pilte ho over golvet og hoppa opp i fanget mitt. Då fant eg vel ut at pusen skulle vere med heim, seier Holst.

– Frustrert og forbanna

No er Jarlaug komen inn i ein varm heim hjå Holst.

Men veldig mange heimlause kattar vert funne ute om dagen. Mellom anna 300 gram tunge Orion som har fått heim og syg tåteflaske hjå Hilde Mørkrid.

– Kattene ramlar inn her. Situasjonen har blitt slik at vi ikkje har fleire ledige fosterheimar, fortel Mørkrid.

Orion

FEKK OGSÅ HEIM: Den vesle katten Orion har også vore heldig, og kan suge tåteflaske i trygge kår.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

No krever ho at folk tar ansvar for dyra.

– Dei må sterilisere og kastrere kattane, og etterlyse dei som er sakna. Eg blir opprørt, forbanna og fortvila, seier ho.

Døypte om Jarlaug


Ei som i alle fall har teke ansvar er Cecilie Holst som har omdøypt Jarlaug til Lucky. No gjenstår berre ein viss sosialiseringsprosess før ho er ein heilt vanleg huskatt.

– Eg må jo bare invitere venner for til å sitte med ho for å sjå om ho kan bli kjent med dei. Folk er tydelegvis det skumlaste i verda for Lucky akkurat no, seier Holst.