NRK Meny
Normal

Dumpa levande kattungar i bosskonteinar

FLORØ/FØRDE (NRK): To forkomne kattungar vart torsdag funne dumpa i ei konteinar på Storebru i Flora kommune. – Uetisk og ulovleg, seier Dyrebeskyttelsen.

Dumpa kattungar

DUMPA I KONTEINAR: Desse kattungane, som har fått namna Storbru og Lillebru, vart funne dumpa i ein konteinar torsdag.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Seint torsdag kveld vart to kattungar funne i ein samanknytt plastpose i ein renovasjonskonteinar på Storebru, 100 meter frå Riksveg 5 mellom Florø og Førde. Kattungane var forkomne, men framleis i live.

Ove Myrmel frå Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane seier at dumpinga av kattungane er eit klar lovbrot.

Ove Myrmel

FUNNE HER: Ove Myrmel i Dyrebeskyttelsen ved konteinaren kattungane vart dumpa i.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Her er det openbart nokon som har prøvd å kvitte seg med desse kattungane på ein uetisk, og sjølvsagt også ulovleg måte. Dette er eit klart brot på norsk dyrevernlov, seier han.

Staden der kattane vart funne ligg eit stykke frå hovudvegen, og konteinaren ligg litt skjult ute i skogen. Myrmel trur ikkje valet av akkurat denne staden var tilfeldig.

– Det er sjølvsagt slike stadar dei som vil dumpe kattar prøvar å finne. Her var heilt tilfeldig at nokon som parkerte i nærleiken høyrde lydar frå kattane.

Våren er høgsesong

Kattungane har fått namna Storbru og Lillebru. Dei er no plasserte hos ei kattemor med ungar. Vidare skal Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane følge opp kattungane for at dei skal få seg ein permanent heim. Myrmel seier at kattungane trass alt har vore heldige.

Kattungar Flora dyreklinikk

TIL SJEKK: Kattungane vart undersøkte ved veterinærkontoret i Førde. No ser det ut til at det skal gå bra med dei.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Den eine kattungen trudde vi ikkje skulle overleve natta, men no trur vi det skal gå bra. Desse to har hatt betydeleg flaks i at det no har vorte ei ordning for dei, seier han.

Myrmel seier at våren er høgsesong for Dyrebeskyttelsen, og at det særleg er store problem med kattar.

– Det er store dyreverdsproblem med kattar både lokalt og nasjonalt. Det er veldig mange heimlause kattar, og kvar vår vert tusenvis av kattar fødde ute.

– Bør slåast hardt ned på

Dyrlege i Florø Hanne Husebø Kristensen fortel at dei ser færre slike saker no enn før i sentrumsområda. Ho seier likevel at ein ikkje skal så langt ut frå bykjernen før det framleis er eit stort problem.

– Eg trur dessverre den betringa vi ser her i byen berre er toppen av isfjellet. Her er det framleis ein kjempejobb å gjere både i forhold til haldningar, og etter mi meining også lovverk, seier ho.

Hanne Husebø Kristensen

STRAFFBART: Dyrlege Hanne Husebø Kristensen meiner dumping av kjæledyr bør slåast hardt ned på.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Ho meiner problemet er delvis skjult fordi Dyrebeskyttelsen gjer ein stor jobb og brukar mykje ressursar på å hjelpe desse kattane. No vil dyrlegen ha regel- og haldningsendringar.

– Dette er eit problem vi må ta tak i ved å setje reglar, krav og påbod for det å ha katt. Det mest konkrete er å innføre påboden ID-merking, slik at dyreeigarar tenkjer over ansvaret sitt.

Dyrlegen seier også at alle har eit ansvar for å ta vare på dyr.

– Først og fremst ligg ansvaret på dyreeigaren sjølv, men både i dyrevernlova og i det moralske og etiske ansvaret vi har som dyrevener ligg det at du er pålagt å ta kontakt med dei aktuelle myndigheitene om du ser eit dyr som ikkje har det bra, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune