Hopp til innhold

Katt i tunnel redda i live

Den vesle katten som i dag tidleg vart observert redd og forskremt inne i Gudvangatunnelen på E16, er no funnen i god behald.

Katten som vart redda ut frå Gudvangatunnelen

På grunn av denne katten ville vegvesenet stengje Gudvangatunnelen på E16. Men til alt hell vart katten funnen før stengingane starta.

Foto: Privat

Det mange frykta skulle bli ei tragisk dyrehistorie enda til alt hell godt.

Kattunge i trafikkert tunnel

Det var torsdag morgon at den vesle katten vart observert inne i den sterkt trafikkerte Gudvangatunnelen på E16.

Etter kort tid bestemte Statens Vegvesenet seg for at dei ville stengje tunnelen på den viktige fartsåra mellom Bergen og Oslo. Årsaka var at det lokale dyrevernlaget skulle få høve til å leite etter den vesle kattepusen.

- Katten er funnen

Men vel ein halvtime før dyrevernlaget var klare til å starte leitinga fekk historia ein lukkeleg slutt.

- Katten er funnen og fanga og er i god behald, seier vaktoperatør ved vegmeldingssentralen Ketil Molvær til NRK.no like før klokka 11.30.

Det betyr at vegvesenet slepp å stengje europavegen.

Dagens heltar

Det er to karar frå kontraktøren E. Opedal & Sønner som er dagens heltar.

- Eg har to merker på fingrane etter at den beit meg skikkeleg då vi fanga den, seier Jarle Tokvam som saman med kollegaen Roy Viktor Ohnstad fekk fanga den vesle kattungen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roy Viktor Ohnstad og Jarle Tokvam redda katten

Roy Viktor Ohnstad og Jarle Tokvam er dagens heltar for dei dyrefrelste. Dei redda katten som hadde rota seg inn i Gudvangatunnelen på E16.

Foto: Privat

Dei to kollegaene fekk høyre om det vesle dramaet som utspann seg i Gudvangatunnelen då dei fekk beskjed om å hjelpe med å stengje tunnelen.

- Vi skulle stå å stengje tunnelen, slik at dyrevernlaget fekk leite etter den, fortel Tokvam til NRK.no.

Leita på eiga hand

Men medan dei to kollegaene sto å venta på at dyrevernlaget skulle kome fram, bestemte dei seg for å leite litt på eiga hand.

- Det gjekk ikkje lang tid før vi såg katten, ikkje langt i frå opninga på Gudvangen-sida, seier Tokvam.

Og då byrja ei lita jakt for dei to karane.

- Vi brukte mykje lys på bilen for då håpa vi at den ville stå i ro. Men fleire gonger var vi ute av bilen og då sprang den i frå oss. Den var tydleg redd så vi måtte flytte litt på oss kan du seie, fortel Tokvam.

Men til slutt lukkast dei. Tokvam var den som til slutt fekk tak i katten ved å nærast kaste seg over den.

- Men den beit meg skikkeleg, så det var jo ein kjekk måte å seie takk for hjelpa på, seier ein lattermild Tokvam.

- Vilter og sterk

Han seier katten er langt i frå sjuk og svak. Slik har den vertfall ikkje oppført seg mot heltane som berga den frå den sikre død i den trafikkerte tunnelen.

- Den er ikkje svak, men heller ganske sterk. Den var ganske så vilter då vi tok den, så det verkar ikkje som om det er noko gale med den,

Den vesle krabaten som er kvit og svart vil no bli sjekka ut av dyrevernlaget. Tokvam seier dei var heldige som klarte å få tak i den.

- Fargane på den gjorde at den var litt vanskeleg å oppdage. I tillegg er den ganske skitten, så eg tippar den har vore her inne ei lita stund, seier Tokvam.

Fare for trafikken

Og det er ikkje første gong denne veka at kollegaene frå vegkontraktøren er ute å leitar etter kattar i tunnelen.

- Før i veka fekk vi melding om ein katt som oppheldt seg i opninga av tunnelen, men den fann vi ikkje. Kanskje det er same katt som no har gått lenger inn, seier Tokvam.

Han er likevel svært glad at katten no er trygt ute av tunnelen. Også med omsyn til bilistane som ferdast i tunnelen.

- Det er klart det går på tryggleiken laus. Bilistar vert fort skremde av å sjå dyr i vegen, og då spesielt i ein tunnel. Så det kan fort skje ulukker, så det er godt vi fekk han ut.

Hendinga i dag skjer berre halvanna år etter at Gudvangatunnelen vart stengt på grunn av at fleire kattar var sett inne i tunnelen. Då enda det tragisk.