Hopp til innhold

Såg på nettavis at bestefaren var død

Hege Øksdal var på barseltreff då ei av dei andre mødrene fortel at ho har lest om ei traktorulukke der ein mann i 80-åra har omkomme. Ho tenkte då at det er hennar bestefar som var død.

Hege og John Harald Øksdal

VAR PÅ SMÅBARNSTREFF: Hege Øksdal var på barseltreff då ho fekk vite at bestefaren var død. Mannen hennar, John Harald Øksdal, såg bilete frå dødsulukka før dei var varsla om ulukka.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Trebarnsmor Hege Øksdal hadde nettopp komme inn på helsestasjonen i Vik i Sogn der fleire andre mødrer var med sine babyar. Der møtte ho dei andre damene i barselgruppa som hadde lest om ei dødsulukke på lokalavisa på nettet.

Det var om ein mann i 80-åra som køyrde traktorgravar.

– Vi snakka om kven det kunne vere, og eg tenkte med ein gong på besten min. Medan vi sit og pratar, så får eg telefon frå mannen min, fortel ho.

Det var ein støkk. Biletet av traktorgravaren har brent seg fast i minnet.

Mannen hennar, John Helge Øksdal, hadde like før blitt ringt opp av mor si som fortalde om ulukka. Han gjekk rett inn på nettavisa til Sogn Avis, og då forstod han kvar det var og kven det var snakk om.

– Eg ringde svigermora mi og ho stadfesta at det var bestefar til Hege. Då ringde eg ho, fortel han.

(Artikkelen held seg fast under biletet)

Traktorulukke i Vik.

ULUKKE PÅ GARDEN: Ein mann i 80-åra omkom i arbeidsulukka på garden.

Foto: NRK

Alle kjenner alle

Vik ligg på sørsida av Sognefjorden. Her må ein anten køyre over Vikafjellet mot Hordaland eller ta ferje for å komme seg ut av bygda. Alle kjenner alle i den vesle kommunen med om lag 2700 innbyggjarar.

Bestefaren til Hege jobba på garden då ulukka med traktoren skjedde. Politi og ambulanse rykka ut, men livet stod ikkje til å redde. Lokalavisa var først ute med å omtale ulukka i Vik. Dei la ut eit bilete som viste heile garden. NRK Sogn og Fjordane la også ut ei sak om ulukka.

Reagerer på bilete på nettet

Det har gått seks månader sidan den tragiske ulukka der familien mista ein kjær ektemann, far og beste- og oldefar.

I ei lys og koseleg stove sit ekteparet Hege og John Harald Øksdal i sofaen. Dei fortel om korleis dei opplevde den dramatiske maidagen.

Jan Ove Sagerøy, Hege Øksdal og John Harald Øksdal

BER MEDIA VERE VARSAME: Jan Ove Sagerøy, Hege Øksdal og John Harald Øksdal tykkjer media skal vere forsiktige, særleg i små lokalsamfunn.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

For det er ikkje berre dødsfallet som skaka dei opp. Det gjorde også media si dekninga av saka.

Den lokale nettavisa var tidleg ute med eit oversiktsbilete som viste garden. Midt i den verste sorga, har dei vore plaga med tanken på korleis dei fekk vite om ulukka.

– Eg unner ingen å oppleve det vi gjorde. Redaktørane må tenkje seg om før dei legg ut bilete frå ulukker så tidleg, seier Hege Øksdal.

Fekk ein støkk

Også bror til Hege, Jan Ove Sagerøy, fekk vite at bestefaren var død ved å lese på internett. Han var til lunsj då ein kamerat sa at det hadde skjedd ei ulukke.

– Eg fekk allereie då ein støkk i meg, for det er ikkje mange 80-åringar som køyrer traktor.

Like etter les han saka på nettet sjølv og ser biletet som viser garden.

– Dei var tidleg ute med bilete, seier han.

– Kva tenkjer du om at biletet kom ut så tidleg?

– Dei har ikkje kontroll på at alle er varsla. Eg tykkjer dei skal vere forsiktige i slike lokalmiljø. Det skal ikkje store detaljar og biletbruk til før ein forstår kven det gjeld, seier han.

Endra biletet etter kvart

Jan Inge Fardal

ENDRA BILETET: Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis seier dei ikkje hatt lagt ut det første biletet om dei visste det var ei dødsulukke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jan Inge Fardal er redaktør i Sogn Avis som la ut eit oversiktsbiletet av garden i Vik. Biletet blei lagt ut før det var kjent at det var ei dødsulukke.

– Det var ei arbeidsulukke då vi la ut bilete klokka 11. Fotografen visste ingenting om at det var så alvorleg. Det var hans jobb og det er jo det vi gjer når det skjer ulukker. Det var ingen grunn til å tru at det var nokon som hadde omkomme. Hadde vi visst at det var ei dødsulukke, hadde vi nok ikkje lagt ut biletet, seier han.

Då politiet stadfesta at det var snakk om ei dødsulukke ein halvtime seinare, endra avisa utsnittet på biletet og gjorde det mindre attkjennande.

– Vi identifiserer jo ikkje om vi veit det er eit dødsulukke, og om vi ikkje er sikre på at dei pårørande er varsla. Det er ein regel vi held oss til, seier han.

Redaktøren meiner nettavisa generelt er forsiktige med biletbruken ved ulukker, men seier dei ikkje kan slutte å dekkje ulukker fordi det kan vere ei dødsulukke.

– Men eg ser jo at det er utfordrande med at alt har blitt så mykje raskare. Difor er det utruleg viktig at redaksjonane held tunga beint i munnen og har is i magen. Slike vurderingar må ein gjere kvar einaste dag slik det har blitt, seier han.

Viktig å skaffe bilete

Kvar dag skjer det ulukker og brannar ein eller annan stad i Norge. Nyheitsredaksjonane er kjappe med å få ut nyheita om kva som har skjedd. Første versjon av saka ei ofte ei kort sak, gjerne med eit kart som viser kvar det har skjedd.

Så startar jakta på bilete. For nettavisene er det ofte viktig å vere tidleg ute med bilete frå ulukker. Det gjeld også ein av Norges største nyheitsredaksjonar, VG.

VG: Held ofte igjen informasjon

Geir Arne Kippernes

LØPANDE VURDERINGAR: Nyheitssjef Geir Arne Kippernes i VG seier dei ofte held igjen bilete og informasjon som er detaljert.

Foto: Privat

I nettredaksjonen til VG er det hektisk aktivitet døgnet rundt. Nyheitssjef Geir Arne Kippernes må ofte ta val om når tekst og bilete frå ulukker skal publiserast.

– Alvorlegheitsgraden vil også avspegle dekninga vi får hos oss. Det er ikkje nødvendigvis at kvar einaste dødsulukke får så stor merksemd hos oss. Til meir alvorleg ulukka er, jo større er sjansen for at VG dekkjer den, seier han.

VG held ofte igjen detaljerte bilete og informasjon av omsyn til dei pårørande.

– Det er ei løpande vurdering der varsling av pårørande er eit sentralt element.

– Vi prøver å vere bevisste ansvaret vi har

Etter kvart som mange har fått seg mobiltelefonar med gode kamera, merkar media ei stor auke i innsende bilete frå tipsarar. Det er ein stor skilnad på tida før og etter smart-telefonane.

– Det merkar vi godt. No finst det fotografar og journalistar på kvart nes og mange kan og vil vere med på å dokumentere ulukker.

– Kan den digitale utviklinga føre til at fleire vil oppleve at dei ser ei ulukke med nære før dei har fått beskjed om det?

– Dette er ein veldig vanskeleg balansegang. Då bomba small i regjeringskvartalet 22. juli, hadde vi bilete på nett sjølv om vi visste at det sat folk rundt om som visste at deira næraste var på jobb der. Det som har offentlegheita si interesse, er viktig for oss å formidle.

– Kvifor er bileta så viktige i saker om ulukker?

– Biletet er dokumentasjon og aukar truverdigheita på det vi skriv. Vi kan ikkje berre ukritisk publisere det vi får og det er ikkje alltid dei beste bileta kjem på trykk. Det er vi klar over og må leve med, seier han.

(Artikkelen held seg fast under biletet)

Jan Ove Sagerøy, Hege Øksdal og John Harald Øksdal

REAGERER STERKT: Jan Ove Sagerøy, Hege Øksdal og John Harald Øksdal tykkjer media ofte er for tidleg ute med bilete frå ulukker.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ikkje slik dei vil det skal vere

Barnebarna til mannen som omkom, ville få visst om traktorulukka uansett, men måten dei fekk vite om det på blei ei ekstra påkjenning.

– Sjokket blir det same, men det er ikkje denne måten vi ønskjer å finne ut av det på, seier John Harald Øksdal.

Familien forstår at det går raskt i nettredaksjonar når det skjer ulukker.

– Klart det. Men i ein by der folk ikkje kjenner kvarandre, kan ein gå hardare på. I eit lokalsamfunn meiner eg dei må trø meir varsamt. Det er gjennomsiktig og lett å skjøne kven det gjeld, meiner han.

– Biletet har brent seg fast i minnet

John Harald Øksdal meiner media må vente med bilete og vere sikre på at alle er varsla ved dødsulukker eller veit kor alvorleg det er. Han tykkjer det er skilnad på å ta bilete av privat eigedom og å ta bilete av ei trafikkulukke på mykje trafikkerte vegar.

– På ei slik trafikkulukke ville bilane blitt sladda. Biletet kunne blitt tatt langt vekke og det ville ikkje vore så avslørande og lett å identifisere. Tek ein bilete av eit gardsbruk, er det lett å forstå kven det gjeld. Alle i bygda veit kven det er.

– Det å sjå eigedomen til familien på nettet, kva tenkjer du om det?

– Det var ein støkk. Det biletet av traktorgravaren har brent seg fast i minnet.

PFU får klagar frå pårørande

Ta hensyn til hvordan omtale av ulykker og kriminalsaker kan virke på ofre og pårørende. Identifiser ikke omkomne eller savnede personer uten at de nærmeste pårørende er underrettet. Vis hensyn overfor mennesker i sorg eller ubalanse.

Vær varsom-plaktaten 4.6
Kjersti Løken Stavrum

PRESSEFORBUNDET: Generalsekretær Kjersti Løken Stavrum seier dei får klager på tidleg publisering av bilete og andre nokre endar i PFU.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Pressens Faglege Utval (PFU) er klageorganet dei som reagerer på tekst, video og/eller bilete kan klage til.

Tre lokalaviser blei tidlegare i år felte etter å ha lagt ut video og bilete frå ein husbrann før pårørande var varsla. I fjor blei ei nettavis felt for å ha lagt ut eit bilete for tidleg etter ei ulukke der ein mann omkom.

Familien i Vangsnes valde å ikkje sende inn klage på dekninga av ulukka til PFU.

– Vi tok ikkje saka vidare. Eg ville ikkje styre meir med det, for det er vel ikkje så lett å vinne fram mot media, seie Jan Ove Sagerøy.

Har fått fleire klagar

«Utvalget har gjentatte ganger uttalt at dekningen av ulykker må bygge på gjennomtenkte avveininger mellom hva slags informasjon publikum trenger, og hensynet til ofre og pårørende. Dette for å hindre at mennesker som allerede er hardt rammet skal bli påført ytterligere belastninger.»

Henta frå ein PFU-fellelse etter ein brann

Generalsekretær Kjersti Løken Stavrum i Norsk Presseforbund seier dei får klager på at pressa har vore for tidleg ute med bilete frå ulukker.

– Vi har hatt fleire klager på at pressa har vore for tidleg ute, i den forstand at den som er involvert i ei ulukke har blitt identifisert utan at dei pårørande har vore informerte, seier ho.

Folk klager på utsnitt på bilete og at dei kjenner igjen bilar. Tidsaspektet har mykje å seie her, seier Stavrum.

Redaksjonane ønskjer å rapportere om ei ulukke raskt, særleg når det er ulukker som fører til trafikkaos, omdirigeringar og ting som raskt får konsekvensar. Då er det viktig å vere fortelje kva som har skjedd og kva for ringverknader det kan få.

Ho seier at når det er tidsnaud, er det kortare tid å tenke seg om. Då kan det ofte gå litt for raskt.

– Då er det fort å leggje ut bilete som er lite gjennomtenkt, seier ho.

– Bør setje seg inn i korleis det er å vere pårørande

Hege og John Harald Øksdal

– VIS OMSYN: Ekteparet Hege og John Harald Øksdal tykkjer redaksjonane skal setje seg inn situasjonen til pårørande.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Familien som oppdaga at bestefaren var død ved å sjå på internett, følgjer godt med nettaviser. Dei har reagert på andre ulukker også – ikkje berre den som handla om bestefaren.

Alle tre innrømmer at dei sjølv er kjappe med å gå inn på nettet når dei høyrer om ulukker.

– Vi er jo nysgjerrige, og bileta pirrar dette. Eg trur det er difor det har blitt slik, seier John Harald.

Dei kunne likevel tenkt seg at nettavisene venta litt med å publisere bilete. Dei tykkjer også at teksten blir for detaljert

– Dei som sit i redaksjonane og skal leggje ut tekst og bilete, bør setje seg inn i korleis det er å vere pårørande, seier Hege.

– Den redaksjonssjefen som skal godkjenne eit bilete bør går litt i seg sjølv og tenkje at situasjonen er motsett. «Hadde eg villa lagt ut dette biletet om det var mine det gjaldt». Det er ikkje verre enn det, seier John Harald.