Hopp til innhold

Omkom då traktor køyrde inn i hus

Ein mann i 80-åra omkom då han køyrde inn i ein husvegg i Vik med traktoren måndag føremiddag.

Traktorulukke i Vik.

DØDSULUKKE: Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som gjekk gale då ein mann i 80-åra omkom i ei ulukke med ein traktorgravar.

Foto: NRK

– Vi fekk klokka ti melding om eit arbeidsuhell på eit gardsbruk i Vik. Då vart det sagt at det var ein traktor med gravar på som hadde køyrt inn i ein husvegg, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme til NRK Sogn og Fjordane.

Litt før klokka 12 kan Holme stadfeste at mannen i 80-åra, som køyrde traktoren, er omkomen og at dei pårørande er varsla. Holme kan førebels ikkje seie noko om omstenda kring ulukka.

Både ambulanse og politi rykka ut til gardsbruket i Vik då meldinga om arbeidsulukka kom.

Politiet opplyser at mannen vil verte send til obduksjon.

Arbeidstilsynet er også varsla om hendinga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.