– Vi fekk klokka ti melding om eit arbeidsuhell på eit gardsbruk i Vik. Då vart det sagt at det var ein traktor med gravar på som hadde køyrt inn i ein husvegg, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme til NRK Sogn og Fjordane.
Litt før klokka 12 kan Holme stadfeste at mannen i 80-åra, som køyrde traktoren, er omkomen og at dei pårørande er varsla. Holme kan førebels ikkje seie noko om omstenda kring ulukka.
Både ambulanse og politi rykka ut til gardsbruket i Vik då meldinga om arbeidsulukka kom.
Politiet opplyser at mannen vil verte send til obduksjon.
Arbeidstilsynet er også varsla om hendinga.