NRK Meny
Normal

Røyst på din favorittsong frå Sogn og Fjordane

"PS! Me ber på kne og albogar at de spelar Fanaraaken". Slik slutta ei platehelsing i lokalradioen for 17 år sidan, etter at bandet Rynka gjorde suksess med den kjende og kjære melodien.

Montasje Sogn og Fjordane

SOGN OG FJORDANE: Eit fylke som kan by på vakker natur både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Med artistar som har prisa fylket på kvar sin måte.

For andre er det Morgon på Kobbeskjæret, Statistikkvisa eller Vestlandet som får fram godkjensla for Sogn og Fjordane. Eit fylke som snart er historie.

For torsdag vedtok Stortinget å slå Sogn og Fjordane saman med Hordaland frå 1. januar 2020. Vi må heilt tilbake til før 1763 for å finne då fylka sist var saman.

PS! Me ber på kne og albogar at de spelar "Gamle Fanaråken"

Platehelsing frå juni 2000

Det har vore over 250 år med krangling og konfliktar, men også samhald og glede. Mellom anna har mange kjære og kjente songar vore viktige for identiteten i Sogn og Fjordane.

Sterk identitet

Stian Sjursen Takle

FASCINERT: Musikkansvarleg Stian Sjursen Takle seier mange har ein sterk identitet til fylket.

Foto: NRK

Mange har blitt spelt hyppig på lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane, og dei har vore gjengangarar som plateønskje når lyttarane har sendt inn bursdagshelsingar.

Musikkansvarleg Stian Sjursen Takle tykkjer det er fascinerande kor sterkt forhold mange har til desse låtane.

– Eg trur det seier noko om den sterke identiteten mange kjenner til fylket, anten dei bur her eller har flytta ut. Det verkar også som om fleire av låtane treff i alle generasjonar. Sogn og Fjordane-songen blei til dømes delt flittig av ungdom frå fylket. Eg trur ikkje det er mange fylke som kan skilte med så mange låtar med ein slik posisjon, seier han.

Eg er uhemma stolt av Sogn og Fjordane og har aldri lagt skjul på det

Kommentar på FB om Sogn og Fjordane-songen

Hyllest til fjordfylket

Ottar Wiik

FYLKESHYLLEST: Ottar Wiik skreiv teksten til Sogn og Fjordane-songen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sogn og Fjordane-songen blei laga til eit skulefjernsynsprogram i NRK i 1989.

– Songen har treft mange med natur, kultur og litt sjølvskryt. Det er ein biletskapande tekst som kan gi næring til patriotismen til folk som har hjarte for Sogn og Fjordane, trur ein av mennene bak songen, Ottar Wiik frå Vik.

Songen er også eit skråblikk på folket langs fjordane.

«Vi går oftast kvar vår veg, med gummistøvlar og lange steg, men her står me små og store og syng i det same koret.»

– For vi står likevel saman og får til ting i lag. Folk har likt songen og har gitt uttrykk for ei viss uro som vi har. No blir desse verdiane sett i spel med strukturendringane som er på gang. Det er med eit visst vemod, seier Wiik.

Kva slags song knyter du til Sogn og Fjordane? Kva låt ER Sogn og Fjordane for deg?

Ein jury har plukka ut ti songar etter innspel frå radiolyttarar og kommentarar på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane.

Avstemminga er no avslutta.

Her er nokre av songane som har samla folket og som har vore viktige for identiteten:

D/S Fanaraaken – Rynka

Rynka

HØYR: Rynka frå Høyanger har vore ein gjengangar når lyttarane har ønska seg musikk til helsingane dei har sendt inn.

Havet – Nybø Band

Nybø Band

HØYR: Sommaren 1999 gav Nybø Band frå Værlandet ut cd-en Havet. Den var mellom anna på Norsktoppen og låg lenge på 1. plass på fylkestoppen i Sogn og Fjordane.

Heim til Nordfjord – Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson Band

HØYR: Steinar Engelbrektson og bandet er populære innan sin sjanger. Særleg Heim til Nordfjord er det mange som vil høyre.

Morgon på Kobbeskjæret – Jubelhornet

Jubelhornet

HØYR: Jubelhornet frå Fjaler har hatt stor suksess med Jacob Sande-visene sine.

Nordfjordnatt – Odd-Erik Lothe og Sigrid Moldestad

Odd Erik Lothe og Sigrid Moldestad

HØYR: Sigrid Moldestad frå Gloppen og Odd-Erik Lothe frå Eid syng saman på Nordfjordnatt.

Sogn og Fjordane-songen - Einar Bolstad m/kor

Her framført under kabareten til ære for visesongaren Ottar Wiik, som har skreve teksten.

SJÅ: Ottar Wiik sin hyllest til Sogn og Fjordane, Kåre Sandvik er mannen bak melodien. Her er det solist Einar Bolstad frå Hafslo som framfører den saman med lokale musikalske krefter i Vik under kabareten Rundballeri hurra! i november 2015.

Statistikkvisa – Ottar Wiik

Ottar Wiik

HØYR: Sogn og Fjordane har mange gongar kome heldig ut på diverse statistikkar. Her er Ottar Wiik sine funderingar omkring dette.

Syng meg heim – Olav Stedje

Ottar Wiik

HØYR: Sogningen Olav Stedje har gleda mange med musikken sin,

Vestlandet – Vilde og Anna

Anna og Vilde

HØYR: Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Eid vann MGP jr-finalen hausten 2016. Songen om kor godt vi har det på Vestlandet har blitt ein stor hit.

Vikahuset – Billa And The Kid

Billa And The Kid

HØYR: Billa And The Kid frå Sogndal lage ein song om fengselet i Vik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser