Hopp til innhold

Fleire meiner desse to samlar Vestlandet

Med songen Vestlandet har truleg Vilde Hjelle og Anna Naustdal gjort meir for å samle Vestlandet på ein kveld enn det alle fylkespolitikarane har greidd på eit år.

Trofeet

VESTLANDET: Vilde Hjelle (t.h.) skreiv songen Vestlandet som Hjelle og Anna Naustdal deltok med i MGPjr.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

To jenter frå Nordfjordeid greidde å samle Vestlandet mykje meir enn alle fylkespolitikarane til saman.

Det er konklusjonen til både politikarar og kommentatorar på Twitter etter sigeren i MGPjr.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Med låten Vestlandet hylla Vilde Hjelle og Anna Naustdal sin eigen landsdel. Teksten er forfatta av Hjelle i bilen på veg over Strynefjellet.

Laster Twitter-innhold

Ein song for alle vestlendingar

Fylkesleiar og fylkespolitikar Gunhild Berge Stang i Venstre var sjølv i salen då jentene tok heim den gjeve prisen. Ho er full i lovord.

– Dei set ord på noko vi alle kjenner igjen. Vi er jo vestlendingar.

I haust blei det klart at dei tre vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil slå seg saman og bli det desidert største fylket i Noreg.

Fylkespolitikar

HEIA I SALEN: Gunhild Berge Stang i Venstre var i salen då Vilde og Anna gjekk heilt til topps i årets Melodi Grand Prix Junior.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

For Berge Stang er songen eit symbol på ein kulturell identitet vestlendingar har i botn. Ho meiner songen treff både dei som er for og mot ein Vestlandsregion.

– Dei har laga ein veldig fin song som handlar om deira identitet. Vi skal ikkje trekke mykje politikk ut frå det, men som politikar er eg oppteken av debatten kring Vestlandsregionen. Vi er ei naturleg eining. Identiteten og fellesskapet som vi har her på Vestlandet har drukna litt i diskusjonar om kor oppgåver og avdelingar skal ligge.

Kva har desse jentene formidla, som de fylkespolitikarar ikkje har formidla?

– Dei har klart å formidle identiteten til Vestlandet, seier Berge Stang.