Hopp til innhold

No har Stortinget vedteke det nye Vestlandet

Etter 256 år kvar for seg er det slutt. I dag vedtok Stortinget å nok ein gong sameine Hordaland og Sogn og Fjordane til eit fylke.

Stortinget

HISTORISK: Det er lenge Stortinget har gjort så store endringar på forvaltningsstrukturen som dei gjorde i dag.

Foto: Per Øyvind Fange / NRK

– Dette er ein trist dag. Sogn og Fjordane har klart seg godt som eige fylke. No trur eg vi kjem til å bli tappa for både makt og kompetanse, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Navarsete røysta mot regjeringa sitt forslag om å redusere dagens 19 fylke til 11. Det har likevel vore klart ei stund at Høgre, Frp, Venstre og KrF ville ha eit klart fleirtal for ei slik samanslåing, med sine 96 av 169 representantar.

– Eg ser ikkje kva Sogn og Fjordane har å tene på å slå seg saman med Hordaland. Vi kjem tapande ut av dette her, seier Navarsete.

Les også: Sponheim vert fylkesmann for Vestlandet

– Har hatt ein klump i halsen i heile dag

Også Arbeidarpartiet sin representant frå Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, er prega av vemod i dag.

– Det har vore ein spesiell dag, eg har hatt ein klump i halsen i heile dag. Det har ikkje vore som dei vanlege debattane i Stortinget. Det er eit historisk vedtak dette her, og eg meiner det er eit dårleg vedtak, seier Heggø.

Liv Signe Navarsete

LEI SEG: Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet tykkjer det har vore ein trist dag for Sogn og Fjordane. Ho fryktar at heimfylket hennar skal kome tapande ut av samanslåinga med Hordaland.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Dette har vi jobba lenge for

Fungerande fylkesordførar i storebrorfylket Hordaland er godt fornøgd med vedtaket i Stortinget i dag. Pål Kårbø frå KrF trur ikkje Navarsete og Heggø treng å vere redde for at Sogn og Fjordane skal bli overkøyrt i det nye fylket.

– Dette blir eit fylke der vi skal spele på dei gode egenskapane til dagens fylke, og bli sterkare saman. Eg deler ikkje den skremmeretorikken som Liv Signe Navarsete har brukt i denne debatten ei tid no.

Pål Kårbø

NØGD: Pål Kårbø er fungerande fylkesordførar i Hordaland, og er nøgd med dagens vedtak i Stortinget.

Foto: Krf

Kårbø tykkjer ikkje det er noko som tyder på Hordaland skal bli for dominerande i det nye storfylket.

– No er det jo allereie klart at den nye fylkesmannen Lars Sponheim skal ha kontorstad i Sogn og Fjordane, så eg tykkjer vi har funne ei ganske jamn fordeling.

Ingrid Heggø

KLUMP I HALSEN: Arbeidarpartiet sin stortingsrepresentant i Sogn og Fjordane Ingrid Heggø tykkjer det er trist at Sogn og Fjordane si tid som eige fylke er over.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Også stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel er særs nøgd etter stortingsvedtaket.

– I dag har stortinget gjort eit historisk vedtak og dette kan bli positivt for framtida. Krava i intensjonsavtale er følgt opp, så stortinget har gjort noko rett i dag, seier Lødemel.

Vil snu vedtaket etter valet

Sjølv om Stortinget no har vedteke at Sogn og Fjordane si tid som eige fylke er ute, har ikkje Liv Signe Navarsete gitt heilt opp.

– Om vi vinn valet til hausten, trur eg ikkje det siste ordet er sagt i denne saka. Vi kjem til å gå inn for å reversere dette vedtaket.

Trur du Arbeidarpartiet blir med på det, då?

– Ja, eg håpar dei meiner alvor når dei no har snudd i spørsmålet lokalt i Sogn og Fjordane. Det viktigaste er uansett at Senterpartiet blir så stort som mogleg, om ein vil endre på dette vedtaket i dag.