NRK Meny
Tiltalte i Selje Hotel-saka
Foto: Anders Furevik / NRK

Rettssaka etter Selje-brannen

Oppsummert

Måndag 18. september starta rettssaka mot dei tre sikta brørne etter brannen på Selje Hotel i november i fjor. Saka gjekk over tre veker i Sogn og Fjordane tingrett.

  • Påstår tre og eit halvt års fengsel

    Forsvararen meiner fengsel i tre og eit halvt år er passande for den tidlegare hotelldirektøren ved Selje Hotel, som har vedgått å ha tend på hotellet i slutten av november i fjor. Han har også vedgått å ha tappa hotellet for pengar på ulovleg måte. Forsvararen vedgår hotelldirektøren er skuldig i både grovt skadeverk, underslag og forskingsbedrageri, men viser samtidig til at det var ei å same handling som førte til brotsverka. Ein kan difor ikkje leggje strafferammene for fleire brotsverka oppå kvarandre, hevdar han. Rabatt for å ha tilstått må han også få, meiner forsvararen.

  • Vil ha redusert fengselsstraff

    Forsvararen vedgår at hotelldirektøren har underslått pengar frå Selje Hotel. Men han meiner underslaget er på 2,2 millionar, ikkje 3,3 millionar slik aktor har hevda. – Å låne pengar med arbeidsgjevaren for så å ha til hensikt å betale attende seinare, er også eit underslag. Men det er eit heilt anna underslag enn dei som puttar pengane i eige lomme utan at ein kan spore det i rekneskapen. I denne saka er det ikkje gjort noko forsøk på å skjule uttaka. Dette må ha stor betydning for straffeutmålinga, meiner forsvararen. Aktor meiner hotelldirektøren må sitje seks år i fengsel.

  • Meiner aktor manglar bevis

    Det finst ingen som helst bevis for at kjøkkensjefen var med på planlegginga av brannen ved Selje Hotel. Aktor brukar sviktande resonnement når han påstår dette, hevdar forsvararen. Han meiner aktor ikkje ein einaste gong har peika på kva kjøkkensjefen skal ha bidrege med i planlegginga av brannen.

  • Legg skulda på hotelldirektøren

    – Det er hotelldirektøren som har vore sjefen og som har stått for dei økonomiske disposisjonane. Når aktor meiner også kjøkkensjefen er skuldig, har han brukt subjektiv og selektiv argumentasjon, seier kjøkkensjefen sin forsvarar. Forsvararen hevdar kjøkkensjefen heile tida var i god tru då private rekningar vart betalt av midlar frå hotellet.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy