Hopp til innhold

Kjøpte parykk og lausskjegg for å skjule seg for politiet

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): For å skjule seg for overvakingskamera brukte dei tiltalte lausskjegg og parykk for å hindre at dei blei kjende att på turen til Selje for å tenne fyr på hotellet.

Bevis i Selje-saka

SKJULTE SEG: Denne parykken og dette lausskjegget blei kjøpt inn for å skjule seg for overvakingskamera. Bileta er ikkje av dei tiltalte, men henta frå ein katalog og blir brukt som bevis i retten.

Foto: Politiet

Det hevda aktor i saka, statsadvokat Magne Nyborg då han innleia i Sogn og Fjordane tingrett i dag. Måndag er første dag av ei tre veker lang rettssak der tre svensk-tyrkiske brør er tiltalt for å ha sett fyr på Selje hotell i november i fjor.

Aktor meiner dei brannstiftingstiltalte på fleire vis har freista å skjule at dei har vore i Selje før brannen.

– Dei brukte tusj på bilskiltet til bilen til ein kamerat som dei lånte i Stockholm og som dei så køyrde til Selje med. I tillegg har dei brukt parykk og falskt heilskjegg for å ikkje bli gjenkjente på videoovervaking frå køyreturen frå Stockholm, seier Nyborg til NRK.

Statsadvokat Magne Nyborg

AKTOR: Statsadvokat Magne Nyborg vil leggje fram ei rekkje tekniske bevis i tingretten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Brukte loddeboltar

I løpet av etterforskinga fann politiet ut det var brukt loddeboltar kopla til tidsur for å sette fyr på hotellet. Nyborg fortel også at då brørne hadde sett på tidsuret for å starte brannen var dei opptatt av å sikre seg alibi på ein kasino i Stockholm.

– Der er det eit system der du må registrere namn og bilete, og slik var dei sikra eit godt alibi når det brann i Selje, seier Nyborg.

– Korleis har de klart å avsløre dette?

– Det fann vi ut fordi at ikkje heile hotellet brann opp. Tidsura vart funne og då kunne ein sjå at desse var innstilte på å skulle byrje å brenne 23–24 timar etter at dei var monterte. Då hadde vi eit tidsvindauge i samband med det tidspunktet dei hevda å ha alibi på.

Lodddebolt på Selje hotel

TOK FYR SLIK: Loddeboltar knytta til tidsur var årsaka til den dramatiske brannen på Selje hotel. Dette var ein av loddeboltane som blei brukt.

Foto: Politiet

Dagleg leiar har tilstått

Dei tre brørne hadde alle ulike roller på eigarsida og i drifta av det tradisjonsrike hotellet i Nordfjord.

Berre han som var dagleg leiar har lagt korta på bordet og har tilstått. Dei to andre nektar straffskuld.

Påtalemakta vil leggje fram ei rekkje tekniske bevis i retten. Dei vil også leggje fram DNA-bevis. Sakføringa blei avslutta for dagen før lunsj måndag, men vil starte opp att tysdag morgon med forklaringar frå dei tiltalte.