Hopp til innhold

Dagleg leiar nektar å tyste på «Mr. X»

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Her køyrer den tidlegare daglege leiaren til og frå Selje for å rigge brannen på Selje hotell. Kven han hadde med seg i bilen, nektar mannen å seie.

Dagleg leiar på veg heim frå Selje etter å ha rigga brannen på Selje hotel.

FOTOGRAFERT: Etter brannen fatta politiet interesse for denne bilen som var avbilda fleire stader tur/retur Stockholm og Selje. Den tidlegare daglege leiaren har erkjent å vere den eine av to personar.

Foto: Overvakingsbilete / Politiet

Statsadvokat Magne Nyborg og Per Kjetil Stautland.

I DISKUSJON: Statsadvokat Magne Nyborg i samtale med forsvararen til den tidlegare daglege leiaren, Per Kjetil Stautland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen erkjende både millionsvindel og brannstifting då rettssaka mot dei tre brørne starta i Sogn og Fjordane tingrett i dag.

Men kven «Mr. X» er, har den tidlegare daglege leiaren vald å halde for seg sjølv.

– Han har ikkje hatt noko behov for å greie ut om det. Han erkjenner sitt eige forhold og har ikkje forklaringsplikt utover det, seier forsvarar Per Kjetil Stautland.

To personar i bilen

Lodddebolt på Selje hotel

RIGGA TIL: Med loddeboltar, fyrstikker og gummistrikk rigga den tidlegare daglege leiaren til ei tidsinnstilt utløysing av brannen på Selje hotell.

Foto: Politiet

Selje hotell vart totalskadd då det natt til 25. november byrja å brenne. Kring eitt døgn i førevegen reiste den tidlegare daglege leiaren til Selje for å rigge tre tidsinnstilte loddeboltar som starta brannen.

På turen kledde han seg opp med både parykk og skjegg for å ikkje bli kjend att. Overvakingsbilete viser likevel klart to personar i bilen som den tidlegare daglege leiaren lånte av ein kjenning i Sverige. Han har tilstått å vere den eine i bilen.

Innretninga som vart nytta for å få det til å brenne på Selje hotel.

INNRETNING: Denne innretninga ved døra i Sunnivasalen på hotellet byrja ikkje å brenne. Pilene viser loddebolt og timar.

Foto: Politiet

– Ut frå tiltalte si forklaring, så meiner han at det er ein «Mr. X» som han ikkje vil namngje, seier statsadvokat Magne Nyborg som ikkje vil utdjupe nærare kven dette kan vere.

Fann DNA

– Det er nærliggande å tenkje seg, men enkelte har fokus på å snakke om seg sjølve og ikkje involvere andre. Det er vanleg i straffesaker, legg statsadvokaten til.

I ruinane fann politiet at det var sølt bensin fleire stader i både 1. og 2. etasje av det vinterstengde hotellet. Dører var sett opne og politiet meiner dette var for å få brannen til å spreie seg.

Kjøpte seg skjegg før brannen.

SKJEGG: Kor tid før brannen kjøpte den tidlegare daglege leiaren eit slikt skjegg i Sverige.

Foto: Politiet

Politiet har også funne DNA som dei meiner knyter brørne som var dagleg leiar og styreleiar til brannrigginga.

Vil ikkje tyste

Advokat Randulf Schumann Hansen ynskjer ikkje i dag å kommentere opplysningane om at dagleg leiar hadde ein medhjelpar då han rigga brannen.

Forsvarar Stautland seier at klienten hans skal ha antyda ovanfor politiet kven denne «Mr. X» er.

Slik parykk kjøpte den tiltalte daglege leiaren før brannen på Selje hotel.

PARYKK: Kor tid før brannen kjøpte den tidlegare daglege leiaren ein slik parykk i Sverige.

Foto: Politiet

– Men situasjonen i dag er at vi ikkje har sikre opplysningar om kven denne personen er, seier han.

– Ser ikkje din klient verdien av å gje opp namnet, så han ikkje må stå eine og åleine med ansvaret?

– Det blir hans vurdering om han skal, for å bruke eit belasta ord, tyste på vedkommande. Han vel å ikkje gjere det.