Hopp til innhold

I 1999 vart broren Arve funnen død: – Denne reisa skulle han fått oppleve

28 år etter ho vart adoptert frå barneheimen, reiste Sandhya Karlsen Holene tilbake til India for å oppleve landet der ho og broren Arve Beheim Karlsen vart fødde.

Sandhya og Arve

TILBAKE: Her er Frank Holene og Sandhya Karlsen Holene ved Taj Mahal i India. Sandhya skulle gjerne delt tilbakereisa til heimlandet India med storebroren sin, Arve Beheim Karlsen.

Foto: privat

– Eg tenkte ein del på Arve medan vi var der, seier Sandhya Karlsen Holene.

– Det var ein veldig spesiell tur. Og det var ein tur som gjorde sterke inntrykk, seier ho med armane rundt to av borna sine i sofaen heime på Hafslo i Sogn.

Saman med mannen Frank Holene har ho fire ungar på ti, åtte, seks og fire år og bur i eit stort, flott, kvitt hus heilt nede ved det vakre området ved Hafslovatnet.

– Eg er så glad for det eg har. Eg fekk ein fin familie då eg kom til Noreg, og denne familien betyr alt for meg.

– Ein tur eg og Arve kunne tatt saman

Sandhya Karlsen Holene kom frå India til Noreg då ho var to år, adoptert av norske foreldre på Hafslo. Kontrastane kunne knapt vore større.

Sandhya flytta frå India, der temperaturen på sitt varmaste tvingar gradestokken opp til 45 grader, til fjell- og friluftsbygda Hafslo, som lokkar med snøkledde fjelltoppar og bitande kulde fleire månadar i året.

Og det var ikkje berre nye foreldre og ny kvardag som venta på Hafslo. Storebror Arve Beheim Karlsen var det første utanlandsadopterte barnet som kom til bygda. Frå dag éin hadde Sandhya ein tre år eldre storebror, som såg etter henne i tjukt og tynt.

Arve Beheim Karlsen

BROR: Arve Beheim Karlsen var storebroren til Sandhya Karlsen Holene. Han vart funnen død i Sogndalselva i 1999.

Foto: privat / NTB scanpix

Tilsynelatande ei gladhistorie. To indiske born som fann seg godt til rette hjå foreldre Kari og Lars, som ønskte dei meir enn noko. Nokre år seinare kom også veslebror Ole Bernt til verda, og familien var komplett.

Men ting skulle endre seg drastisk. I april 1999 jaga to ungdommar frå Sunnfjord Beheim Karlsen over ei gangbru og ned ein fotgjengarundergang i Sogndal sentrum, medan dei ifylgje vitne ropte «drep han» og «drep denne negeren».

Det var spesielt å tenke «her kunne eg faktisk ha budd». Å vere i landet, og prate med folk, å få møte den kulturen og det landet eg eigentleg var fødd til å vere i. Men skjebnen ville det annleis.

Sandhya Karlsen Holene

Arve Beheim Karlsen vart seinare funnen død i Sogndalselva. Dei to tiltalte i den såkalla Beheim Karlsen-saka vart frikjende for rasisme, men dømde til tre og eitt år i fengsel for trugslar og vald.

Tilbake stod ei mor, ein far, ei veslesyster og ein veslebror. Med ein dom, men framleis utan det dei sakna mest – Arve.

Då Sandhya til slutt bestemde seg for å dra tilbake til fødelandet ho hadde delt med broren, vart broren med. Men berre i tankane. Ho skulle gjerne hatt det annleis.

– Eg tenkte at dette er noko Arve burde opplevd. Dette var ein tur me kunne teke saman, seier Sandhya Karlsen Holene.

Ruslande i det yrande folkelivet i fødebyen Nagpur, den 13. største byen i India med over 2,5 millionar innbyggjarar, kom refleksjonane rundt korleis livet kunne ha vore.

– Eg tenkte spesielt på korleis både Arve og mitt liv kunne vore i India. Men slik vart det ikkje.

Likevel understrekar Sandhya at turen til India ikkje vart øydelagd av vonde tankar eller minner. Tvert om, ho kallar den fantastisk og fylt av gode opplevingar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sandhya sin tur til India

KJEKKE MINNE: Både Sandhya Karlsen Holene og Frank Holene har mange gode minne frå turen til India. (Dei to jentene til venstre i biletet var også med på turen tilbake til røtene sine) Foto/redigering: Christian Blom/Johan Moen

Usikker på korleis ho ville reagere

– Det var ein heilt fantastisk tur. Det var ein moro tur, seier Sandhya Karlsen Holene, medan ektemannen nikkar.

– Ikkje som ferie og avslapping, men i form av inntrykk og opplevingar. Eg var spent på korleis ho ville reagere, men det gjekk veldig bra, seier Frank Holene.

For Sandhya var målet med turen å få sett og oppleve kulturen og folket i landet som ho opphavleg kjem frå. For det er enorme kontrastar mellom bygdelivet i Sogn og i millionbyen i India. Ikkje berre når det gjeld klima, men aller mest når det gjeld framtidshåp.

Fattigdommen i India er enorm, og landet er prega av store forskjellar. Eit nytt liv til verda er i mange familiar ikkje eit under. Det er ein ny munn å mette.

– Det var spesielt å tenkje «her kunne eg faktisk ha budd». Å vere i landet, og prate med folk, å få møte den kulturen og det landet eg eigentleg var fødd til å vere i. Men skjebnen ville det annleis, fortset ho.

Det var ikkje berre mannen hennar som var usikker på reisa.

– Eg var usikker på om det var riktig av meg å reise, eller om eg skulle halde meg heime og leve i uvisse. Eg visste ikkje heilt korleis eg kom til å reagere på å vere tilbake. Men etterpå angrar eg ikkje i det heile, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tilbake i India

STERKT MØTE: Sandhya i samtale med Iris S. Wilkinson, kvinna som var styrar på barneheimen då Sandhya budde der.

Foto: Frank Holene

Berre eit fåtal reiser tilbake

Adopsjonar frå utlandet tok til på 1970-talet, og i dag er det om lag 19.000 adopterte born og unge i Noreg. Mange av dei syslar med tanken om å reise tilbake til det som ein gong var heimlandet sitt, men dagleg leiar i Adopsjonsforum, Øystein Gudim, understrekar at det er eit stykke frå å tenkje tanken, til å gjere som Sandhya Karlsen Holene og faktisk reise.

– Spesielt i ungdomstida er det nok mange som tenkjer på det. Men når det kjem til stykket, er det nok ikkje så mange som gjer det likevel, seier Gudim.

Han leiar den største adopsjonsorganisasjonen i Norge, medan Verdens Barn (tidlegare Norsk Koreaforening) er Noregs eldste. I tillegg finst det ein tredje adopsjonsorganisasjon i Noreg, InorAdopt.

Teamleiar for adopsjon i Verdens Barn, Helge Solberg, er klar på at det er langt mellom dei som oppsøkjer heimlandet sitt.

– Det store fleirtalet reiser ikkje tilbake. Eg vil seie at ti, kanskje opp mot 20 prosent, tek turen i løpet av livet, seier Solberg.

Likevel kan ein, spesielt gjennom media, få inntrykk av at «alle» adopterte reiser tilbake til heimlandet sitt på vitjing.

– Mange adopterte fortel at dei stadig får spørsmål om det, og det seier litt om korleis folk tenkjer. For nokon er det rett å reise, for andre ikkje. Slik er det berre, seier Solberg.

Eit gripande møte

Då Sandhya og mannen Frank reiste til India i februar, drog dei i lag med fleire andre kvinner som vart adopterte frå barneheimen til Noreg. I løpet av veka vart det tre vitjingar til hovudmålet for turen: Å møte familien som tok vare på dei unge kvinnene i starten av livet.

I sahri

DRAKT: Sandhya, her i den tradisjonelle, indiske sahrien.

Foto: privat

Det som den gangen var ein barneheim, er i dag barnehage. I tillegg har familien seinare starta ein skule i nærleiken av barnehagen.

– Det er den same familien som dreiv barneheimen eg budde på, som driv skulen i dag, seier Sandhya Karlsen Holene.

Å treffe dei var særs viktig for ekteparet.

– Det som betydde aller mest med turen var å få møte familien. Vi kjem definitivt til å behalde kontakten med dei, seier ho.

Vi måtte ned der for å skjønne kor godt vi har det sjølve.

Frank Holene

Det var blide og snakkesalige ungar som møtte dei besøkjande frå Noreg.

– Det var kjekt å besøke skulen. Dei var så imøtekomande og pratsame, sjølv om det ikkje var så enkelt å snakke engelsk for dei små ungane. Men dei prøvde, seier Sandhya Karlsen Holene.

For firebarnsmora var det eit sterkt møte å sjå dei mange borna som bur heiltid på skulen.

– Det var sterkt å møte ungane, og spesielt dei som bur på skulen fordi dei ikkje har foreldre eller fordi det er for langt å reise. Dei var utruleg takknemlege for å gå på skulen!

Kanskje kjem takksemda som eit resultat av innsatsen til 83 år gamle Iris S. Wilkinson som styrer skulen.

– At same familien driv på enno er utruleg. Og at styraren på 83 år held det gåande, tyder på eit stort hjarte og eit ekstremt engasjement, seier Frank Holene.

– Ja, eg saknar ho allereie. Eigentleg saknar eg heile familien som driv skulen. Vi har invitert dei til Noreg, seier Sandhya Karlsen Holene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turen til India

STERKT MØTE: Her er Sandhya saman Iris S. Wilkinson (t.h) som dreiv barneheimen då Sandhya budde der, og dottera til Wilkinson, Aneeta Patell (t.v.).

Foto: privat

– Det vil alltid vere der

I samband med reisa starta Sandhya Karlsen Holene Facebooksida «Min tilbakereise til India», der ho har skrive korte reisebrev. Over 500 personar har likt og følgt reisa hennar på Internett. At ho har valt å vere så open, forklarar ho slik:

– Å fortelje alle saman det same på Facebook, gjorde at eg kunne vere meir til stades på turen, seier Karlsen Holene.

Vel tilbake frå det største landet i Sør-Asia er det på tide å fordøye inntrykka. Late att auga og prøve å minnast samansuriet av krydderlukter frå marknadane, heilage kyr som har forkøyrsveg okke som, smilande born som deler smittande latter, trass i at dei knapt har meir enn det dei står og går i – og den kvelande tanken om at det kunne vore henne.

– Eg tenkjer på alle ungane som ikkje har den moglegheita vi har til å gå på skule. Her heime må alle gå på skule, og ofte er alt pyton når vi må på skulen. Men der gledde jo alle seg. Dei var takknemlege, seier Sandhya Karlsen Holene.

– Det var sterkt å møte ungane, og spesielt dei som bur på skulen fordi dei ikkje har foreldre eller fordi det er for langt å reise. Dei var utruleg takknemlege for å gå på skulen!

Sandhya Karlsen Holene

– Det er slike småting du ikkje tenker over i kvardagen. Men slike tankar byrja plutseleg å spinne når eg var der nede. Men korleis eg vil ta med det vidare i livet? Eg veit ikkje. Men det vil alltid vere der. Minna og tankane, fortset ho.

– Vi måtte ned der for å skjønne kor godt vi har det sjølve, seier Frank Holene

– Det er så store kontrastar. Her kan vi berre reise på butikken å kjøpe noko mat. Der nede må dei jobbe for det meste, supplerer Sandhya Karlsen Holene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reisa til India

LEIKER: Sandhya og mannen Frank kjøpte både leiker og frukt til borna på skulen. I tillegg har dei lova å dekkje kostnadane til å reparere ein liten karusell som står på skuleplassen.

Foto: privat

Ikkje behov for å møte biologiske foreldre

Til andre adopterte nordmenn som ynskjer å besøke fødelandet sitt gir ho fylgjande råd:

– Det er berre til å reise. Du kjem aldri til å angre. Det er ein tur du kan ta med deg resten av livet.

– Eg hadde nok ikkje hatt den trongen til å reise til India viss eg ikkje var fødd der. Det å møte den kulturen eg eigentleg var fødd til å vere i, det var spesielt, seier ho.

Trass i at det var eit varmt og godt møte med det gamle heimlandet, har ikkje Sandhya Karlsen Holene noko brennande ønskje om å prøve å finne dei biologiske foreldra sine. Ho har føtene godt planta på Hafslo.

– Nei, eg veit ikkje noko om dei. Eg veit ikkje om det er noko eg hadde vilja heller. Eg har familien min her, og dei betyr alt for meg, seier Sandhya, og ser på barneflokken rundt seg.

– Både den familien eg vart adoptert til, og den familien eg har fått sjølv. Eg treng ikkje noko anna, eg har alt eg treng, seier Holene.

Men tilbake til India vil både ho og Frank.

(Artikkelen held fram under biletet)

Taj Mahal

LITT FERIE OG: Her er Frank og Sandhya framfor Taj Mahal.

Foto: privat

– Eg har lyst å ri på ein elefant

På den turen vil Sandhya ta med foreldra sine. Og sjølvsagt borna.

– Vi bestemte oss ganske tidleg på denne turen at det vert nye turar, og at vi skal ha med oss desse her, seier Sandhya Karlsen Holene medan ho ser rundt på ungane sine og tek eit godt tak rundt ein av dei.

Nokre ungar i Nagpur vert sendt på gata av foreldra. Dei tener meir pengar på at ungane er på gata og tiggar, enn ved å la dei gå på skule.

Frank Holene

Då foreldra kom heim, venta skiltet «velkomen heim mamma og pappa», laga av eldstedotter Line-Kristine Karlsen Holene på ti år.

Neste gong vil dei gjerne vere med.

– Det er jo kjekt å vere i lag med mamma og pappa, seier åtte år gamle Tonje Marie.

– Eg har lyst å ri på ein elefant, seier einaste guten i ungeflokken, John-Arve (6), som er kalla opp etter onkelen Arve.

– Var ikkje lenger ein i mengda

For ein som ser inn stoveglaset i det kvite huset nede ved Hafslovatnet, er det umogleg å sjå teikn på kva familien har vore gjennom etter april 1999. Men det har vore harde tak.

Mora til Arve og Sandhya, Kari Beheim Karlsen, engasjerte seg sterkt mot vald og rasisme etter at sonen døydde.

Ho skreiv også boka «Arve – sonen min», om 17-åringen som berre skulle på fest, men som aldri kom heim att.

Medan sakene gjekk i rettsapparatet, var avisene teppelagde med stoff om saka, og telefonen stod knapt i ro hjå familien. Midt oppe i dette var Sandhya på same alder som broren var då han døydde.

– Det gjekk veldig opp og ned. For i tillegg til saknet av bror min, var det ei kriminalsak og rettssak. Det førte til mykje skriveri og saker i media, seier Sandhya Karlsen Holene.

Og det gjorde at heile Noreg visste om og kjende til kva som skjedde.

«Det er for Arve Beheim Karlsen som hviler oppe hos Gud. At vi danser denne dansen til ingen av oss har pust»

Karpe Diem

– Vi vart minna på det som skjedde heile tida gjennom media. Og uansett kvar eg var visste folk kven eg var. Eg var ikkje lenger ein person i mengda.

– Det er ikkje på same måte lenger. Det er trass alt femten år sidan det skjedde. Dei gode minna vinn over dei dårlege no. Vi har det bra i dag, seier ho.

Men minna om Arve lever – og hendinga vert ikkje gløymd.

I 2006 fekk Sogn og Fjordane Teater Heddaprisen for framsyninga «Saman skal vi leve», basert på hendingane rundt Arve Beheim Karlsen sin død i 1999.

Hip-hop-duoen Karpe Diem mintest i 2012 Arve Beheim Karlsen i ei verselinje i songen «Skåler med blod»:

«Det er for Arve Beheim Karlsen som hviler oppe hos Gud. At vi danser denne dansen til ingen av oss har pust»

– Kan ikkje grave oss ned

For familien på Hafslo vil det for evig og alltid vere eit hol. Ein stol står tom både til kvardags og til fest, og eitt fjes manglar på dei fleire hundre bileta frå den minnerike turen til India.

– Det er veldig trist. Men det er røynda. Vi kan ikkje grave oss ned i det som har vore, seier Sandhya Karlsen Holene.

Men ho vil alltid hugse.

– Arve er alltid i tankane mine. Det var han også på turen.