Hopp til innhold

Feira Dylans nobelpris med pint og nye plater

For ti år sidan starta sunnfjordingen Reidar Indrebø og ein kamerat prosjektet med å nominere Bob Dylan til Nobelprisen i litteratur. I år vart det full pott.

Reidar Indrebø

FEIRING: – Eg har tatt meg ein pint, og kanskje tek eg meg ein til seinare også, seier Reidar Indrebø. Etter at meldinga om at Bob Dylan får årets Nobelpris i litteratur har telefonen hans knapt stått stille.

Foto: Privat

– Dette var artig, det er det ikkje tvil om. Det var faktisk litt uventa. Eg hadde større forhåpningar for nokre år sidan enn i dag, for å seie det slik, seier Reidar Indrebø frå Sunnfjord.

Dylan har vore Indrebø sin store musikalske helt sidan 1970-talet, og det viste seg å ikkje vere heilt enkelt for å nominere det amerikanske rock-ikonet.

– Det måtte skje

Då han saman med kompisen Gunnar Lunde sette i gang prosjektet for ti år sidan, måtte dei mellom anna få ein professor i litteratur eller tidlegare vinnarar med på laget for å få Bob Dylan offisielt lansert.

Det lukkast dei med. Sidan har Svenska Akademien, som gir ut prisen, fått Dylan som forslag nær kvart einaste år.

"Bob Dylan synger"

TOLKING: 'Bob Dylan syng', plakat teikna av Oddvar Torsheim.

Foto: Oddvar Torsheim (grafisk)

Amerikanaren fekk i dag prisen for å ha skapt nye poetiske uttrykk innan den store amerikanske songtradisjonen. Det gler også multikunstnaren Oddvar Torsheim i Førde.

– Dette var svære greier. Han er ein av mine store inspirasjonar. Før eller sidan måtte det skje, seier Oddvar Torsheim.

Første musikar som får prisen

Sunnfjordkunstnaren er mellom anna kjend for sine særeigne tolkingar av Dylan sine melodiar. Han har late seg inspirere av Dylan sine fantasidraumar.

– Han er ein seig fyr, som aldri gir seg, seier Torsheim.

Tildelinga har vekt begeistring, overrasking og surmuling.

Oddvar Torsheim

GLAD: – Gratulerer med dagen, seier kunstnar Oddvar Torsheim som svar på nyhenda om at Bob Dylan har fått Nobels litteraturpris.

Foto: Øystein Torheim

– Dei har gått over ei grense i dag med å gje prisen til ein person som har lansert litteratur gjennom musikk. Det er vel første gongen det har skjedd, seier Indrebø.

Sjølv har han ei omfattande samling av den amerikanske stjerna sin musikk. Under turen til London denne veka, er det blitt fleire godbitar.

– Før 1970 hadde eg ikkje høyrt så mykje på han. Eg såg han live første gong i 1978, no har eg kome ut av teljinga på kor mange gonger eg har sett han, men det er vel over 60.

– Kva er det som fengjer slik med Dylan?

– Han er ein god låtskrivar og ein stor songar. Det er først og fremst som poet eg likar han, seier sunnfjordingen.