No får Helse Førde refs for trugsmål om å sparke frittalande legar

Både Helse Vest og Legeforeningen stiller spørsmål ved framferda til Helse Førde, etter at det vart kjend at helseføretaket har truga fleire fritalande legar med sparken.

Styremøte Helse Førde

FÅR KRITIKK: Helse Førde med Jon Bolstad og Clara Øberg må finne seg i kritikk frå fleire hald, etter at helseføretaket den siste veka har truga to legar med sparken etter kritikk i media.

Foto: Bård Siem

– Ytringsfridomen i Norge står sterkt, og den gjeld også for legar. Det betyr at ein kan seie mykje i det offentlege rom når det gjeld faglege spørsmål – utan at ein bryt med lojalitetsplikta, seier president Hege Gjessing i Legeforeningen.

Legeforeningen reagerer på at to legar den siste tida har blitt truga med sparken av helseføretaka når dei uttaler seg i media:

I Helse Førde har to overlegar ved Nordfjord sjukehus fått trugsmål frå sjefane sine om at dei kan bli sparka etter å ha kritisert helseføretaket.

Meiner Norge ikkje er veldig ope

Før helga kom det fram at ein overlege ved Nordfjord sjukehus vart truga med å miste jobben i ein e-post på avvege mellom fagdirektør Hans Johan Breidablik og administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Måndag kom det fram at overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus har fått beskjed om at han kan miste jobben om han held fram å kritisere kraftige kutt i tilbodet.

– Det er forferdeleg trist. Jens Stoltenberg pratar om at det er så ope og demokratisk i Norge, men eg oppfattar dette som eit døme på at det er stikk motsett, seier Berg til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik Berg

KRITISK: Overlege Henrik Berg er kritisk til prioriteringane i Helse Førde, og tek dette opp i media. No er han truga med sparken.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Er opptekne av omdømmet

Overlegen får støtte for sitt syn frå Helse Vest. Styreleiar Oddvar Nilsen understrekar at Helse Førde ikkje skal truge tilsette med sparken etter kritisk omtale i media.

– Eg synest denne saka er uheldig. Vi har eit offentleg system, der folk må få lov å uttale seg. Samstundes reknar eg med at dei uttaler seg på ein slik måte at dei ikkje skapar frykt hos pasientane, seier han.

– Du har bede styret sjå på saka saman med administrasjonen. Kvifor?

– Det er naturleg å gå gjennom det. Det har litt med omdømmet til helsevesenet å gjere – og eg reknar med at dei difor ville gjort dette også om eg ikkje hadde bede om det. Helse Førde er like opptekne av dette som eg, seier Nilsen.

Vil kritisere – også om han får sparken

– Den siste tida har vi sett nokre grelle døme, der arbeidsgjevar prøver å halde legane tause i spørsmål som har stor betydning for innbyggjarane, og som er av fagleg karakter. Ein må då stille spørsmålet om kva haldningar dei har dei til sine tilsette, seier Gjessing i Legeforeningen.

Overlege Henrik Berg er klar på at han ikkje kjem til å slutte å uttale seg, sjølv om det kan koste han jobben.

– Vi har vel alle vår ytringsfridom. Den står i grunnloven, enn så lenge, seier Berg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hege Gjessing

STILLER SPØRSMÅL: Hege Gjessing i Legeforeningen stiller seg bak legane, etter at dei er truga med sparken i bakkant av oppslag i media.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Vil ikkje kommentere saka til Berg

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde seier seg lei for at ein lege via ein e-post på avvege vart truga med sparken. Når det gjeld saka til Henrik Berg, stiller det seg annleis.

– Her er det ei åtvaring, men det er på bakgrunn av fleire forhold som eg ikkje vil kommentere, seier ho.

– Men du er orientert om kva det gjeld?

– Ja, det er eg.