Hopp til innhold

Orienterte sjukehusleiinga om TV-intervju - vart truga med sparken

Etter kritiske uttalar om Nordfjord sjukehus sin kriseberedskap, vart overlege og gynekolog Arne Järnbert truga med sparken.

Overlege Arne Järnbert og Nordfjord sjukehus.

TRUGA: Arne Järnbert meiner seg truga med sparken i e-posten som fagdirektøren i Helse Førde sendte han ved ein feil.

Foto: Fotomontasje

Bakgrunnen er eit intervju som NRK Laurdagsrevyen ynskte etter at han i Fjordabladet bad om ein kommisjon som vurderte kriseberedskapen ved lokalsjukehuset etter uveret «Dagmar».

Järnbert orienterte leiargruppa i Helse Førde om interessa frå NRK, men fekk ved ein feil eit uventa svar frå fagdirektør Hans-Johan Breidablik.

– For meg var den feilsendte e-posten eit vindauge inn i eit diktatur. Har du meiningar du vil få fram, blir du truga til tystnad. Dette var ekstra frustrerande fordi eg meinte det var viktig å belyse saka, seier Järnbert til VG.

Eg synest Jernbert skulle beordrast hit i morgon for å leggje fram synspunkta sine, ved å gå til media igjen isteden bør han ut av organisasjonen snarast. Eg høyrer gjerne på han. HJB

Hans-Johan Breidablik

Sendte feil

Breidablik seier til avisa at han har orsaka formuleringa og at han som fagdirektør ikkje har mynde til å «sparke» Järnbert.

Hans Johan Breidablik

FEIL: Hans-Johan Breidablik tek sjølvkritikk for formuleringa i e-posten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

E-posten var meint til administrerande direktør Jon Bolstad, og ikkje overlegen ved Nordfjord sjukehus.

– Eg gav han ikkje munnkorg, eg vil gjerne høyre på han – det står det jo svart på kvitt. Men dersom den einaste hensikta er å få ting ut til media, er det jo kunne for å skade organisasjonen, seier fagdirektøren.

Stod utan kriseplan

Fødeavdelinga ved sjukehuset var stengd og ortopediavdelinga allereie redusert til ein skadepoliklinikk då Dagmar feia over Vestlandet i romjula. For dei kring 30 000 innbyggjarane i Nordfjord var sjukehuset på Nordfjordeid einaste alternativ for mange i ei stund der både vegsamband og telenett var sterkt råka.

Helse Førde gjekk sjølv ut med ei sterk oppmoding om å oppsøkje lokalsjukehusa i staden for å vente på å nå igjennom på telefonen. Nordfjord var den regionen i Sogn og Fjordane som vart hardast råka av stormen.

– Og der stod sjukehuset utan ein kriseplan, fødeavdeling eller kirurgisk kapasitet. Eg har ikkje opplevd maken på mine 15 år som lege i U-land, seier Järnbert til VG.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med overlege Järnbert.

Dagmar sine herjingar i Eid

HERJA: Nordfjord vart hardt råka under stormen i romjula. Bilete er frå Eid kommune.

Foto: Øystein Torheim

I gang med evaluering

Saman med nokre operasjonssjukepleiarar laga Järnbert sin eigen kriseberedskap i tilfelle nokon måtte føde eller operere.

Fylkeslege Per Stensland seier at Fylkesmannen og Helse Førde er i gang med evalueringa etter «Dagmar», men at dette vil ta tid.

Difor meiner han også at det er for tidleg å konkludere med at kriseberedskapen var medisinsk uforsvarleg.

– «Dagmar» var ein ekstra vanskeleg situasjon der infrastrukturen vart hardt råka. I ein akutt situasjon vil sjukehuset, slik det er sett opp, kunne tilby pasientar god hjelp for å stabilisere ein akutt situasjon, sjølv om det ikkje kan gjerast all behandling som er naudsynt, seier Stensland til avisa.

Feil formulering

Kommunikasjonsdirektør i Helse Førde, Arne Eithun, seier Järnbert var i dialog med sin overordna, og at det der vart gjeve uttrykk for at han burde oversende eit notat på innhaldet i kritikken slik at leiinga kjende til den før det kom i media.

Bolstad er samd i at formuleringa var uheldig, men trur ikkje at intensjonen var å fjerne Järnbert frå organisasjonen.

– Det er skilnad på å sitje med eit vêrvarsel, og fasiten av skadane i etterkant. Det er samspelet mellom dei ulike etatane som sikrar god beredskap, men kommunikasjonen vart lamma på alle plan. Hadde vi visst det, så hadde vi sjølvsagt sett inn naudsynt personell, seier han.